Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Gull og sølv til Martine i NM!

Martine Lorgen Øvrebust med både gull og sølv under U23-NM 2019! - Klikk for stort bildeMartine Lorgen Øvrebust med både gull og sølv under U23-NM 2019! Stordal IL, langrenn

Stordal IL sine vinteridrettsutøvarar held fram med å markere seg rundt om og topplasseringane er så mange at det mest er uråd å få med seg alt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.02.2019

Petter Løset Skodjereite, bronse NC klasse A i Holmenkollen feb 2019 - Klikk for stort bildePetter Løset Skodjereite, bronse NC klasse A i Holmenkollen feb 2019 Stordal IL, hopp Lone Lorgen Øvrebust, bronse under Midt-Norsk Mesterskap 2019 - Klikk for stort bildeLone Lorgen Øvrebust, bronse under Midt-Norsk Mesterskap 2019 Stordal IL, langrenn Vegard Busengdal held fram med å imponere på laget til University of New Mexico - Klikk for stort bildeVegard Busengdal held fram med å imponere på laget til University of New Mexico Maia Søe Valde vart nyleg teken ut til å delta på European Youth Olympic Festival i Sarajevo - Klikk for stort bildeMaia Søe Valde vart nyleg teken ut til å delta på European Youth Olympic Festival i Sarajevo

No har vi m.a. gleda av kunne gratulere Martine med både NM-gull og NM-sølv i langrenn, nye topplasseringar av Petter i kombinert og pallplass til Lone i Midt-Norsk Mesterskap i langrenn. I alpint ser det ut til at Vegard held fram der han slapp sist sesong, med den eine topplasseringa etter den andre. I tillegg vart Maia nyleg teken ut til deltaking på European Youth Olympic Festival i Sarajevo.

I tillegg til alle desse toppresultata, kan idrettslaget vise til endå fleire sterke plasseringar og då spesielt innan langrenn.

Vi gratulerer også Rishi Sæther frå Liabygda, som denne helga gjekk heilt til topps i eliteklassa under Norgescup-renn i Vikersund.

Det er berre å ta av seg hatten og gratulere!

Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar om dei flotte utøvarane til Stordal IL

NM-gull til Martine!

Vegard gjer det godt i USA

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS