Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

He du haurt det før?

Forside, historisk hefte nr 5 - Martin R Moe - Klikk for stort bildeForside, historisk hefte nr 5 - Martin R Moe

I november - for fem år sidan - kunne vi med glede opplyse om at også eit fjerde historisk hefte var klart for sal. Serien hadde som kjent fått tittelen: He du haurt det før?" og det var brødrene Karl Elias og Martin R Moe, som stod bak. Heftet som kom ut i 2012, måtte Martin fullføre åleine, då broren dessverre gjekk bort. Men no er Martin klar med ei femte utgåve i serien, noko vi naturlegvis er særs takksame for.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.10.2017

Martin R og Karl E Moe syner fram det første heftet i 2009 - Klikk for stort bildeMartin R og Karl E Moe syner fram det første heftet i 2009 Hallgeir Hove Ansimyljå. Yvestø. Framsida av heftet som er fullstappa med artige ord og uttrykk frå Stordal - Klikk for stort bilde Den russiske krigsfangen Eris Fanatov, kan du lese meir om i eitt av hefta - Klikk for stort bildeDen russiske krigsfangen Eris Fanatov, kan du lese meir om i eitt av hefta Resultat frå skuleidrottsstemne 26. mai 1951. Har nokon vori uheldig i ei eller fleire av øvingane, vert det høve til å prøve seg att til hausten, skriv Idrottsrådet i Stordal. Dette er noko av innhaldet i det nyaste heftet - Klikk for stort bildeResultat frå skuleidrottsstemne 26. mai 1951. Har nokon vori uheldig i ei eller fleire av øvingane, vert det høve til å prøve seg att til hausten, skriv Idrottsrådet i Stordal. Dette er noko av innhaldet i det nyaste heftet

Martin fortel at han har laga heftet etter same lest som tidlegare. Heftet er på 51 sider. Han sjølv meinar at kvaliteten ikkje er den same som dei fire hefta dei to brørne laga saman - der han særskilt trekkjer fram broren si gode evne til å finne stoff å presentere i hefta.  Vi derimot, er klar på at Martin er alt for beskjeden og vi er overtydd om at også dette femte heftet vil falle i smak. I tillegg er dette naturlegvis også eit nytt viktig bidrag i arbeidet med å ta vare på historia vår. Mykje av det Martin fortel om er minne frå oppveksten på Løset i 1940-50 åra. 

Dei to var eigentleg samde om at det fjerde hefte med lokalhistorisk stoff skulle vere det siste dei laga, men i ettertid tenkte Martin at det framleis var mykje stoff det kunne vere artig å skrive om og difor sette han i gong. Det kunne no også vere noko å fylle dagane med, når han også var blitt pensjonist. Vi er sjølvsagt veldig glade for at han nettopp bestemte seg for dette.

Martin er også inne på at det han skriv om i dette femte heftet verken konkurrerer med Stordal Sogelag sitt arbeid, eller videoane som ligg på YouTube der eldre folk i Stordal og på Dyrkorn fortel om ymse dei har vore med på. Dette flotte intervjuprosjektet var det elles sogenemnda som stod bak.

Når vi no altså har nok eit historisk hefte klart for sal, reknar vi med at dette både blir årets julegåvetips nr 1, i tillegg til at det er dei som ikkje klarer vente så lenge og.

Her er ei oversikt over dei fire første:

Hefte 1: Ansimylljå. Yvestø. He du haurt dei før?

Hefte 2: He du haurt det før? I skuggen av krigen.

Hefte 3: He du haurt det før? Litt om livet i Stordal i eldre tid og "I skuggen av krigen 2"

Hefte 4: Litt om Stordal i eldre tid og "I skuggen av krigen del 3"

 

Hefte 5 i serien: "He du haurt det før?" har fått tittelen: Stordal - Eit tilbablikk på noko av fortida.

 

Vi har laga fleire reportasjar tidlegare, om dei to brørne og det flotte arbeidet dei har utretta. Kanskje kjekt å sjå litt tilbake på dei?

 

Sikre deg hefta no!

For å finansiere trykkinga av hefta, tek vi nokre kroner for kvart av dei. Men om du no ynskjer å sikre deg alle dei fem, har vi eit tilbod som varer til det går tomt for eitt eller fleire av hefta. Kjøper du alle dei fire første, vil du få dette femte heftet gratis. (dermed blir prisen for heile "samlinga" på kr 530,- til saman) Ikkje nokon dårleg "deal" det.

Her er elles prisen på dei, om du kjøper eitt og eitt:

Hefte nr 1: kr 120,-
Hefte nr 2: kr 100,-
Hefte nr 3: kr 160,-
Hefte nr 4: kr 150,-
Hefte nr 5: kr 150,-

Hugs å ta med kontantar, når de stikk innom vårt sørviskontor. For dei som bur lengre unna og ynskjer bestille, sender de berre ein e-post

Stor takk!

Vi nyttar naturlegvis også høve til å takke Martin R Moe, for at han ville dele endå meir av kunnskapen sin med oss.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

I Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Einebær
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS