Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Held fram med å imponere!

Lone Lorgen Øvrebust - Klikk for stort bildeLone Lorgen Øvrebust Sunnmørsposten

Våre vinteridrettsutøvarar held fram med å gjere seg bemerka på resultatlistene rundt om og det dukkar opp stadig nye talent. I langrennsløypa har det lenge vore Martine Lorgen Øvrebust som har kunna vise til den eine pallplasseringa, etter den andre. Men no er det mykje som tyder på at ho kjem til å få knallhard konkurranse frå lillesøster Lone (15).

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2018

Lone Lorgen Øvrebust på toppen av resultatlista - Klikk for stort bildeLone Lorgen Øvrebust på toppen av resultatlista Martine Lorgen Øvrebust på toppen av resultatlista - Klikk for stort bildeMartine Lorgen Øvrebust på toppen av resultatlista Petter Løset Skodjereite, senior NM 2018 - Klikk for stort bildePetter Løset Skodjereite, senior NM 2018 Pål Bjørn Øvrebust Fien van Zwieten med topplasseringar i alpint - Klikk for stort bilde

Martine og Lone - begge altså med etternamn - Lorgen Øvrebust, toppa faktisk kvar si resultatliste dei, laurdag 8. desember. Dette var under Natrudstilrennet på Sjusjøen. Det vert meldt om gode løp levert også av dei andre frå Stordal IL i sine klasser. Live Vestre Røkke vart nr 8, Vilde Lorgen Øvrebust nr 18 og Andreas nr 36. Særs gode prestasjoner av Stordal sine løparar også totalt sett, med andre ord. Her er Martine i aksjon og her Lone

Petter Løset Skodjereite har også hatt ein kjempegod start på sesongen, med m.a. topplassering under senior-NM nyleg. Denne helga klemte han til med ny bakkerekord i Granåsen (Trondheim) under eit renn i Norgescupen der, då han strekte seg til heile 110 meter! Her kan de sjå rekordhoppet til Petter Det var kun eit betre nedslag av Jørgen Graabak, som gjorde at Petter ikkje leda, etter hoppdelen. Sjå lista her.

Sjå gjerne også vår reportasje frå november, for meir

Sjå også eigen flott NRK- reportasje frå Stavsengfjellet onsdag 12. desember

Vi gratulerer dei alle nok ein gong og ynskjer lykke til vidare med sesongen!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Øvre Stordal.jpg
Øvre Stordal.jpg
Levert av ACOS AS