Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Helselagsbasar nr 105!

Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017

Ja, du las rett! Det er faktisk den 105. helselagsbasaren som går av stabelen no! Nærare bestemt i morgon, fredag 6. april, kl 18.00. Dei siste 20 åra, og vel så det, har helselagsbasaren vore arrangert i Stordalshallen og som alltid tidlegare, er det første fredagen etter påske som gjeld.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.04.2018

Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove Hjertestartar 2012 - Hjertestartaren på plass i foajeen - Klikk for stort bildeHjertestartar 2012 - Hjertestartaren på plass i foajeen Hallgeir Hove

Om du dveler litt ved dette og reflekterer over at Stordal Helselag faktisk har eksistert i over 100 år, ja så er det ikkje vanskeleg å skjøne at dette laget har spela ei nærast uvurderleg rolle i lokalsamfunna våre.

Vi har tidlegare skrive ein heil del om både basarane og anna helselaget står bak. Vi har også skrive om jubileumsfesten deira for fire år sidan og meire til. Det er vel verdt å ta eit tilbakeblikk på dette.

Laget har sett spor etter seg når det gjeld det meste knytt til folkehelsearbeid her lokalt og det vil bli for omfattande å presentere alt dette her. For Stordalshallen sin del, kan vi m.a. ikkje minst takka helselaget vårt, for at vi har hatt hjertestartar i bygget, heilt sidan 2012! I lag med Indre Sunnmøre Gjensidige, løyvde Stordal Helselag midlane som skulle til den gongen. Kr 23.500,- utgjorde helselaget sin del.

Vi kan her presentere årsmeldinga for 2017, som også seier ein heil del om det flotte arbeidet som vert utretta.

Årsmelding for Stordal Helselag 2017

I arbeidsåret 2017 har styretbestått av fylgjande:

Inger Lianes Hove  - leiar

Norunn Viset Busengdal –Nestleiar

Trine Lise Bjørge – kasserer

 Jonas Falch –Sekretær

Ragnhild Flåen – styremedlem

Nina Hauglid – Styremedlem

Tore Hallan –styremedlem

Norma Rødset – styremedlem

Tora Moe og Marie Hovde vararepresentantar

 

Vi har hatt 6 styremøter og behandla 24  saker

4 medlemar  deltok på regionmøte i Liabygda 31. januar.  3 stykker var på hjarteveke åpning i Molde i februar. Leiar og kasserar deltok på fylkesårsmøte i Ålesund i april. 3 frå styret deltok på samling for styra i demensforening og helselag på Molde i november.

 

I samarbeid med kommunen, Stordalstunet, Heimetenesta og leiar for Frivilligsentralen var leiar med i ei  arbeidsgruppe for å skipe til aktivitetsvennkurs. Liv Synnøve Hoel frå fylkeskontoret var her 31. januar og rettleia  arbeidsgruppa om gjennomføring av kurset som vart halde i februar.

 

Den årlege basaren som er vår viktigaste inntektskilde vart avvikla 21.april. Bruttoresultat vart kr. 90.730,-

Midlar som tidlegare vart avsett til blomar i sansehagen er oppbrukt, men styret vedtok at helselaget skal fortsette med dette. Det vart innkjøpt blomster og aktivitetsgruppa planta saman med brukarane sine

Hjerteaksjonsveka vart markert 10. mai med utgangspunkt frivilligsentralen . Det vart servert frukt og ein kunne delta på quiz .Elevar frå skulen møtte opp for å delta på dette. Det var også høve til å gi eit bidrag til forskning, og til å gå tur, enten langs elva eller rundt omkring på gangvegen .

Den årlege demensaksjonen vart avvikla i september og vi fekk hjelp av 10. klasse ved Stordal skule som bøsseberarar. Vi serverte pizza og viste filmen om Sandra Rogne før dei starta. Det kom totalt inn kr.15000.00 og av disse fikk bøsseberarane 2250.00.

Helselaget støttar som tidlegare hår og fotpleie for sine medlemmar. Det vart gjort eit styrevedtak om at alle over 80 år skal få samme vilkåra sjøl om dei ikkje er medlemar.

 

Helselaget har gitt kr. 10.000,- i støtte til sanggruppa Charis i forbindelse med innspeling av ein cd..

Stordal skulekorps har fått kr.10.000,- for å delta på korpsstemne

10.klasse fekk kr. 3.000,- for klargjering og opprydding  ved basaren

 

Aktivitetsgruppa har hatt samling for demente og andre eldre annakvar veke. Til dette har vi fått nytta det nye dagsenteret på Stordalstunet. Det har vore forskjellige inneaktivitetar. som baking, bingo, sang og litt trim. Vi har vore på små turar i nærområdet med sykkel og rullestol, vi har planta og stelt blomster i sansehagen, vi har vore på tur til Valldal Fjordhotell, hatt sommarkonsert og julebord på Nilsgardstunet. Til disse aktivitetane har vi i 2017 fått kr. 30.000,- frå nasjonalforeninga sin T.V.aksjon 2013.

 

Til slutt ei lita oppmoding: Møt fram i Stordalshallen i morgon kveld og bli med å sette ny rekord, dette året og!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersgarden
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS