Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Jenny Marita Sørås tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2016!

Jenny Marita Sørås har vore med på fylkeskulturmønstring heile fire gongar! - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås har vore med på fylkeskulturmønstring heile fire gongar! Stordal kommune har kvart år sidan 2002, delt ut kulturstipend. Ser ein på oversikta over dei som har motteke dette, er det liten tvil om at dette er ei utmerking som heng høgt. At også tildelinga dette året er høgst fortjent, er det liten tvil i.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.11.2016

Jenny Marita Sørås solist på konsert med Stordal Hornmusikklag - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås solist på konsert med Stordal Hornmusikklag UKM 2014 - Hanna og Jenny Marita Sørås - Klikk for stort bildeUKM 2014 - Hanna og Jenny Marita Sørås Jenny Marita Sørås i rolla som Emil i Lønneberget - Stordal skulekorps - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås i rolla som Emil i Lønneberget - Stordal skulekorps Jenny Marita Sørås også med i musikalsuksessen "We Will Rock You!" - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås også med i musikalsuksessen "We Will Rock You!" I retningslinjene for utdeling av stipendet står det mellom anna at stipendet skal delast ut til einskildpersonar – born/ungdom frå Stordal kommune i alderen 12 – 25 år, med eit særskilt talent, som syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik. Når ein ser på den lange rekka av utdelte kulturstipend, kjem det klart og tydeleg fram at Stordal kommune har fostra mange talent. I tillegg til dei som har motteke stipend, er det nok også endå fleire som kunne ha fortjent ei slik utmerking.

I Stordal kommune har vi fostra mange talent på idrettsbana og fleire av desse har alt motteke denne utmerkinga, sidan starten for 15 år sidan. Men Stordal er også i høgste grad ein kommune som har fått fram mange talent på scena. Oversikta over stipendmottakarar syner også det. Årets mottakar av kulturstipendet har vore aktiv på idrettsbana, både innan fotball og langrenn, men ikkje minst har ho stått på scena utallige gongar og det både her lokalt og også regionalt. Vi har hatt gleda av å få oppleve den vakre stemma hennar - og gjerne då ved at ho spelar piano til – i ei rad ulike samanhengar, anten det no er under førjulskonsertar i kyrkja, i samband med dei mange flotte konsertane til Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, på Stordal skule sine juleavslutningar, samt ei rad lokalmønstringar av UKM, for å nemne noko. Når det gjeld UKM er det nok elles også få som kan vise til å ha delteke heile fire gongar på fylkeskulturmønstring. Jenny Marita har elles ei lang fartstid i Stordal Skulekorps, der ho naturlegvis også har vore eit forbilde for andre. Ho har også fungert som hjelpeinstruktør på dansekurs under Barnas Supersommar. Etter det vi kjenner til var ho nyleg også med som danseinstruktør i samband med førebuingane til jubileumskonserten til Stordal Hornmusikklag. Vi kan vidare trekkje fram at jenta også var med på den eventyrlege musikal-suksessen «We Will Rock You» i 2012. Vi tek gjerne med at ho også har vore med i Stordal ungdomsråd.

Det er utvilsamt også til stor inspirasjon både for ho sjølv, og også for mange andre som veks opp her i kommunen, at ho sist haust kom inn på Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Det kan ein trygt kalle for eit nålauge og det seier ikkje så reint lite om kva kvalitetar denne jenta innehar.

Vi vil nytte høve til å takke Jenny Marita for at ho i alle desse åra har vore ein slik flott ambassadør for Stordal kommune. Gjennom dei vala ho har teke, no også når det gjeld utdanning, er ho til stor inspirasjon for andre unge og sjølvsagt også forbilde. Vi gratulerer med tildelinga av Stordal kommune sitt kulturstipend for 2016 og ynskjer lykke til vidare, både ved Musikkteaterhøyskolen og i andre samanhengar.

I vår førehandsreportasje kan du lese meir om Stordal kommune sitt kulturstipend og m.a. få med deg oversikta over alle dei talentfulle ungdomane som har motteke denne utmerkinga tidlegare. Du finn også eigne reportasjar om mange av dei.

Her kan du oppleve Jenny Marita på scena under Fylkeskulturmønstringa i 2011.

Her kan du oppleve Jenny Marita på scena under Fylkeskulturmønstringa i 2013.

Her kan du oppleve Jenny Marita på scena i lag med søster Hanna under Fylkeskulturmønstringa i 2014.

Her kan du oppleve Jenny Marita på scena i lag med Silje K Titlestad under Fylkeskulturmønstringa i 2014.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

arena_overoeye (L)(156853).jpg
arena_overoeye (L)(156853).jpg
Levert av ACOS AS