Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Jule-tabata!

Tabata med Sofie  - Klikk for stort bildeTabata med Sofie Privat

Gladmelding til alle som likar å få seg litt trim og trening i jula. Ja, også til dei som kan tenkje seg å bli kjend med ein ny og veldig populær treningsform, for den del. Sofie Flaate Busengdal har nemleg kontakta oss og tilbydd seg å sette av tid til å køyre fire økter med tabata i løpet av jula. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.12.2017

Tabata med Sofie - Klikk for stort bildeTabata med Sofie Privat Tabata med Sofie - Klikk for stort bildeTabata med Sofie Privat Tabata med Sofie  - Klikk for stort bildeTabata med Sofie

Sofie, som for tida studerer i Trondheim, har personleg trenar - utdanning og er instruktør for ei gruppe som kallar seg puls, styrke og core der. Meir om Sofie her. Ho fortel at tabata er ei høgintensiv treningsform der ein blandar kondisjonsøvingar med styrkeøvingar. Sofie kjem til å køyre 7 stasjonar der ein jobbar 4 minutt på kvar stasjon, og der vekslar mellom to øvingar. Di oppgåve er å utføre så mange repetisjonar du klarer, på 20 sekund. Deretter er det 10 sekunds pause, før du setter i gang igjen med 20 nye sekund. Totalt gjennomfører de 8 runder av 20/10 per stasjon.

Sofie fortel at Tabata passar for alle aldre, mann eller dame og at dette vil vere perfekt for deg som vil ha ein morosam og svett time i julestria!

Vi synest dette er eit suverent initiativ og reknar med at det vil gå fort å fylle opp plassane. Det er nemleg slik at det er begrensa kor mange som kan vere med på kvar økt. Dei første 30, som melder seg på kvar av dei fire øktene (21. og/eller 28. desember) får vere med. Her er det altså "først til mølla!"

Torsdag 21. desember

Kl 18.00 – 19.00                14 t.o.m 18 år

Kl 19.00 – 20.00                Over 18 år

 

Torsdag 28. desember (4. juledag)

Kl 18.00 – 19.00                14 t.o.m 18 år

Kl 19.00 – 20.00                Over 18 år

 

NB! Det er gratis å vere med!

 

For påmelding og evt behov for meir info, sender du e-post til Sofie: sofieflaatebusengdal@gmail.com  
NB! Hugs då på å føre opp kva for økt(er) det er du ynskjer vere med på!

Vi minner om at det er innesko som gjeld i Stordalshallen og i tillegg kan vi også føye til at det er fint om alle møter opp i god tid før økta startar.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Levert av ACOS AS