Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Klart for folkefest! ..igjen!

Stordalscup - foto frå Fjelladalen - Klikk for stort bildeStordalscup - foto frå Fjelladalen Bjørnar Midbust

I skrivande stund, er det berre to dagar att til folkefesten over alle folkefestar startar opp. Vi tenkjer naturlegvis på Stordalscup og som tidlegare peika på, er dette den 39. utgåva! Også denne gongen kan arrangørane gle seg over god deltaking på fotballturneringa og i tillegg vert sals - og utstillingsmessa rekordstor denne gongen. For alle som har vore med på Stordalscup, veit ein at det er så uendeleg mykje flott å få oppleve. Når det i tillegg også er gratis inngong, kan det vel knapt bli betre, eller?  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2019

Stordalscup 2017 - Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Stordalshallen Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik  - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz Hallgeir Hove Stordalscup 2018 - grill - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - grill Hallgeir Hove

Stordalscup si heimeside, kan du no m.a. sjå at det er opp mot 60 lag påmeldt. Tek vi med at alle desse laga har med seg sine ivrige supporterar, anten det no er foreldre, besteforeldre eller andre, ja då skjønar ein at det vert folksamt. Når ein vidare veit at veldig mange ynskjer å få med seg Stordalscup, utan å vere interessert i fotball i det heile, er det råd å forstå at det på det meste har vore nærare 7 000 besøkjande ei slik helg.

Stordalscup har sjølvsagt også eiga facebookside, du bør like.

Vi anbefaler også eit tilbakeblikk på tidlegare års arrangement. Om du tek deg litt tid til dette, vil du bli rimeleg imponert over kva Stordalscup har gitt oss av flotte opplevingar opp gjennom åra! (du finn reportasjar heilt tilbake til 2007)

Noko av alt det unike med Stordalscup, er den store frivillige innsatsen. Førebuingane har pågått lenge og no står eit heilt lokalsamfunn klar til å ta imot og vere vertskap for dei tusen på tusen av gjestar som kjem på besøk. Ja, vi snakkar faktisk om at rundt 20% av befolkninga stiller opp, i større eller mindre grad. Det er rett og slett imponerande!

Sjå gjerne også våre tidlegare førehandsreportasjar

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Hallgeir Hove
Jonsokfeiring i Stordal 09. Oversiktsbilde med bål
Hallgeir Hove
Levert av ACOS AS