Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Krafttak mot kreft - innsamlingsaksjon i Stordal kommune

Krafttak mot kreft - Klikk for stort bilde

Krafttak mot Kreft er Kreftforeningen sin årlege, landsdekkande innsamlingsaksjon. I Stordal kommune blir det dør til dør- aksjon tysdag 6. mars. Aksjonen tek til kl. 17:00.


Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 28.02.2018

Det er sjuande året på rad at Stordal har dør til dør- aksjon i høve Krafttak mot Kreft. Stordal frivilligsentral administrerar aksjonen og samarbeider med Stordal Mental Helse og Stordal Helselag, som stiller opp med bøsseberarar. I tillegg stiller Sparebanken Møre opp og hjelper til med avviklinga av aksjonen. 

Vi håper innbyggjarane tek vel imot bøsseberarane som kjem! 

Om det er fleire som har lyst å vere bøsseberar, kan dei kontakte frivilligsentralen på e-post: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no eller telefon 90529164.

Krafttak mot kreft går føre seg dei to første vekene i mars kvart år. Då besøker over 20 000 bøssebærarar norske husstandar og samlar inn penger til viktig kreftforsking. 

Å leve er meir enn å overleve
Kvart år får over 32.000 menneske i Norge kreft. Moderne kreftbehandling reddar heldigvis livet til mange. Faktisk overlever to av tre kreftpasientar i dag.

Men både for dei som overlever og dei som lever med uhelbredeleg kreft kan den tøffe behandlinga ha ein høg pris: Dei får seinskader etter behandlinga, og livet blir ikkje det same som før dei fekk kreft.

For mange av dei som overlever sin kreftsjukdom, er det ein kamp igjen - kampen om å bli frisk.

Derfor er temaet for Krafttak mot kreft i 2018 "Senskader av kreftbehandling". Saman med det norske folk skal vi samle inn mellom 40 og 50 millionar kroner, slik at dei som har vore gjennom ei tøff kreftbehandling skal få eit best mulig liv.

Gi gåve til innsamlinga
Om du ikkje er heime når det er aksjon i Stordal, kan du sende SMS med kodeord GAVE til 2277. (Då blir kr 200,- belasta telefonrekninga di). 
Du kan også vippse valfritt beløp til 2277 (Kreftforeningen).

Her kan du lese meir om Krafttak mot kreft.

Her kan du lese reportasje frå aksjonen i 2017, samt reportasjar frå tidlegare år.

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Jøssvollbotnen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS