Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune hadde i 2008 ein netto folketilvekst på 22 personar. 11 av desse kom frå fødselsoverskot og 11 personar innvandra.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturmidlar 2017

Førjulskonsert Stordal kyrkje - Stordal skulekorps - Klikk for stort bildeFørjulskonsert Stordal kyrkje - Stordal skulekorps Hallgeir Hove

Stordal kommune ynskjer også i 2017 å løyve midlar, som kan stø opp om det frivillige kulturarbeidet. Lag og organisasjonar kan difor søkje på kulturmidlar. Merk søknadsfristen, som også dette året er sett til 1. juni.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.04.2017

Stordal kommune deler kvart år ut kulturmidlar til lag og organisasjonar. Nedst på sida finn du eige oppslag, samt søknadsskjema. 

I retningslinene for kulturmidlane heiter det m.a.:

"Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturarbeid i regi av einskildpersonar, lag og organisasjonar. Tiltak retta mot born og unge skal prioriterast. Samstundes skal medlemstal og aktivitetsnivå vektleggast."

Ein minner igjen om at søknadar innlevert etter at fristen er gått ut, står i fare for å ikkje verte handsama. Det er også eit krav at det, innan fristen, skal vere med årsmelding og rekneskap for året i førevegen. Om naudsynte vedlegg ikkje er med innan fristen, risikerer ein at søknaden ikkje vert handsama.

Spørsmål kytta til kulturmidlane kan rettast til etatskontoret, på tlf 90 94 93 58.

Ein vil igjen oppmode lag og organisasjonar til også å sjå nærare på dei mange eksterne tilskotsordningane som fins. Det kan løne seg. Det finnast over 1300 ulike tilskotsordningar – og over 10 milliardar kroner - som lag og foreiningar kan søkje på, kvart einaste år!

Du finn meir informasjon om ei rad andre tilskotsordningar på heimesida vår, under KULTUR.

Vi tek også med at Stordal kommune er med i det som heiter Tilskotsportalen, noko som også opnar for mange muligheiter for lag og organisasjonar her i kommunen.

Kulturmidlar Stordal kommune - oppslag (PDF, 471 kB)

Kulturmidlar Stordal kommune - søknadsskjema (PDF, 300 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Trettøye i Røysetdalen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS