Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturpris 2019

Kulturpris 2017 tildelt Stordal IL (her ved leiar Helga Øvrebust i lag med ordførar Eva Hove - Klikk for stort bildeKulturpris 2017 tildelt Stordal IL (her ved leiar Helga Øvrebust i lag med ordførar Eva Hove Hallgeir Hove

Stordal kommune har vedteke at det kan delast ut kulturpris annakvart år. Prisen vart sist delt ut i 2017 (bildet) og dermed ynskjer ein no innspel på kandidat/kandidatar til Stordal kommune sin kulturpris for 2019. Merk at frist for innspel på kandidatar i år er sett til 1. mai. 

 

.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.03.2019

Ragnhild Fauske mottok kulturprisen i 2015 - Klikk for stort bildeRagnhild Fauske mottok kulturprisen i 2015 Hallgeir Hove Ole Magnar Øvrebust (t.h.) tildelt kulturprisen i 2013. Her saman med John Steinar Storheim ved gapahuken på Mosætra - Klikk for stort bildeOle Magnar Øvrebust (t.h.) tildelt kulturprisen i 2013. Her saman med John Steinar Storheim ved gapahuken på Mosætra Odd Johan Overøye mottek kulturprisen i 2011. Ordførar Charles Tøsse og Eva Hove deler ut - Klikk for stort bildeOdd Johan Overøye mottek kulturprisen i 2011. Ordførar Charles Tøsse og Eva Hove deler ut Hallgeir Hove Kulturpris 2009 til Stordal Hornmusikklag - leiar Hilde Dyrkorn tek imot - Klikk for stort bildeKulturpris 2009 til Stordal Hornmusikklag - leiar Hilde Dyrkorn tek imot Hallgeir Hove

Stordal kommune delte ut kulturpris for første gong i 1993. Føremålet med prisen er å stimulere kulturlivet i Stordal kommune.

Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, og lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen. og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome særleg kommunen vår til gode, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i kommunen.

Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller til landsdekkjande organisasjonar, som i all hovudsak finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar; heller ikkje personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern.

For meir om Stordal kommune sin kulturpris, viser vi til utlysingsteksten (PDF, 76 kB)


Tidlegare tildelingar:

1993: Stordal skulekorps
1995: Ola Stavseng
1997: Lars Øvrebust og Leif Arne Dybdal
1999: Sindre Helland
2001: Svend Snerling
2003: Einar Kåre Hove
2005: Marna Overøye og Kirsti Almås
2007: Knut Vinje og Ålesund Jeger- og Sportsfiskerforening
2009: Stordal Hornmusikklag
2011: Odd Johan Overøye
2013: Ole Magnar Øvrebust
2015: Ragnhild Fauske
2017: Stordal IL

 


Kulturprisen er på kr 5.000,-. I tillegg til eigen diplom.

I ein kommune med eit så rikt kulturliv og med så mange som legg ned ein formidabel innsats, er det klart at ei slik utmerking heng særs høgt.

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar og skal vere med skriftleg grunngjeving.

Minner igjen om at frist for å sende inn grunngjeve framlegg på kandidat(ar) er sett til 1. mai. Grunnen til at fristen er tidlegare i år enn før, skuldast at Stordal kommune blir ein del av Fjord kommune frå 1. januar 2020. Slik sett vert dette også den siste kulturprisen utdelt for Stordal kommune sin del.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS