Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturstipend til Lone

Lone Lorgen Øvrebust - Klikk for stort bildeLone Lorgen Øvrebust Privat

Stordal IL har opp gjennom åra fått fram det eine idrettstalentet, etter det andre og Lone Lorgen Øvrebust føyer seg definitivt inn i rekkja. Ho legg ned ein enorm innsats i arbeidet for å bli best mulig og resultata har heller ikkje latt vente på seg, sjølv om ho konkurrerer innan ein idrett der utøvarane våra er best i verda.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.06.2019

Lone og Martine - sommarski - Klikk for stort bildeLone og Martine - sommarski Privat Lone og Vilde på Dyrdalstinden - Klikk for stort bildeLone og Vilde på Dyrdalstinden Privat Lone Lorgen Øvrebust, bronse under MNM 2019 - Klikk for stort bildeLone Lorgen Øvrebust, bronse under MNM 2019 Stordal IL, langrenn Lone med suksess også på fotballbana. Her klar for kvartfinale i A-sluttspelet, Norway Cup 2017 - Klikk for stort bildeLone med suksess også på fotballbana. Her klar for kvartfinale i A-sluttspelet, Norway Cup 2017

Stordal kommune har delt ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom i alderen 12 - 25 år, heilt tilbake til 2002. Dei som har motteke stipendet har hatt eit særskilt talent, synt god kvalitativ utvikling og har elles lagt ned stor innsats for å utvikle sin dugleik innan ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep.

Det er nok rett å hevde at kommunen har, og har hatt, uvanleg mange talent. Disse legg ned særs stor innsats for å utvikle eigen dugleik og mange av dei har bemerka seg såvel nasjonalt som internasjonalt. Det er også gledeleg å registrere at ein finn slike talent innan mange ulike områder av kulturlivet i kommunen.

Ikkje minst kan vi hevde at talenta innan skiidrettane langrenn, alpint og hopp/kombinert har vore imponerande mange og dette er blitt lagt merke til også langt utover både kommunegrense og krets.

Lone er 2003-modell og yngst i søskenflokken på tre, der samtlige kjem inn under den same kategorien og der det er langrenn som verkeleg gjeld. Vi snakkar då sjølvsagt om Vilde på 19 og Martine på 20.

Lone er ei talentfull langrennsløpar som kan vise til ei rad gode plasseringar så vel regionalt, som nasjonalt det siste året, og syner ein treningsiver heilt utanom det vanlege.  

Lone har gjennom sine resultat i langrenn på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå vist eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og ho legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik. Ho satsar no vidare på vidaregåande skule og skal delta på Norgescup for junior neste sesong.

Lone kan vise til følgjande resultat i sesongen 2018-2019:

Sparebanken Møre Cup (Møre og Romsdal)

1. plass samanlagt i klasse J-16.

Midtnorsk Meisterskap (Møre og Romsdal, N og S Trøndelag)

3. plass i skøyting og 7. plass i klassisk.

Oslo Skifestival

Nr 12 (av 86 startande) i fristil og nr 15 (av 55 startande) i klassisk (jaktstart).

Ungdommens Holmenkollstafett.

Lone var uttatt til å gå på Møre og Romsdal sitt førstelag på stafetten i Holmenkollen.

Hovedlandsrennet (NM for 15- og 16 års klassa)

13. plass i skøyting (200 startende) og 75. plass i klassisk sprint (204 startende).

Resultata viser at Lone held eit høgt nivå på nasjonalt nivå. I tillegg er Lone også eit viktig forbilde for dei yngre i langrennsgruppa. Dette er viktig for å rekruttere endå fleire til langrennsgruppa. Ho er positiv og sosial både i langrennsgruppa og på fritida, i tillegg til å vere ein seriøs idrottsutøvar.

Sjølv om langrenn er idretten ho satsar på, vert det også tid til fotball. Også på fotballbana utmerkjar ho seg, der ho naturleg nok også dreg nytte av dei mange timane med styrke- og kondisjonstrening i løpet av året. Lone spelar på både Stordal sitt J-lag og på damelaget i 3. divisjon.

 

Vi gratulerer Lone som mottakar av kulturstipendet og ynskjer lykke til med den vidare satsinga!

 

Om du har lyst, kan du også fylje lenker tilbake til mange tidlegare reportasjar, både om langrennsfamilien i Sjurgarden og mykje anna kjekt.

Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar, der ein m.a. kan få med deg den imponerande lista over talentfulle unge, som har motteke Stordal kommune sitt kulturstipend frå og med 2002 og fram til i dag.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS