Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kyrkjehola Kulturbeite byr på konsert olsokkvelden

Unni Boksasp til Rosekyrkja olsokkvelden - Klikk for stort bildeUnni Boksasp til Rosekyrkja olsokkvelden

I samband med at Fortidsminneforeininga markerer at eit omfattande restaureringsarbeid snart er ferdig, tilbyr Kyrkjehola Kulturbeite konsert i Rosekyrkja, søndag den 29. juli. Då kan du høyre Unni Boksasp og Magne Vestrum framføre vokal folkemusikk frå Møre og Romsdal.

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.07.2018

Stordal Bygdetun - Klikk for stort bildeStordal Bygdetun Kristian Almås

Frå nettsida til Kyrkjehola Kulturbeite hentar vi fyljande om konserten:

"Boksasp er ein av våre fremste folkemusikarar. Ho er kjend som ein svært dyktig fomidlar, og har mottatt både Spellemannsprisen, Folkelarmprisen, Statens arbeidsstipend og ei rad andre utmerkingar. Unni har også vunne eliteklassa i vokal folkemusikk under Landskappleiken fleire gongar. Gjennom ei rekkje banebrytande prosjekt, no sist forestillinga Opus72017, har ho sett folkemusikken på kartet og nådd ut til nye publikumsgrupper – både ved dei store festivalane og på mindre scener utover det ganske land. 

I Rosekyrkja tar Unni for seg vakker folkesong frå Møre og Romsdal, ein tradisjon ho kjenner godt frå sin oppvekst på Tingvoll. På bass medverkar hennar faste musikalske samarbeidspartnar Magne Vestrum.

Velkommen til ein stemningsfull kveld med Rosekyrkja som perfekt ramme!"

                    

Les meir om konserten på Kyrkjehola Kulturbeite si nettside. Der kan du også ta eit tilbakeblikk på dei tidlegare sommarprogramma deira. Imponerande saker, kan ein trygt hevde. Kyrkjehola Kulturbeite har også eiga facebookside.

Set av denne kvelden til eit ugløymeleg møte med fantastiske musikarar i den vakre Rosekyrkja!    

 

Les gjerne også meir om det omfattande restaureringsarbeidet ved Rosekyrkja, om unik masteroppgåve om kyrkjeskipet og ikkje minst om innsatsen til lokalhistorikaren Kristian Almås og anna fint                           

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS