Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kyrkjehola Kulturbeite inviterer til konsert også denne sommaren

Sommarsong i Rosekyrkja - Kyrkjehola Kulturbeite 2019 - Klikk for stort bildeSommarsong i Rosekyrkja - Kyrkjehola Kulturbeite 2019

I snart 20 år har vi hatt gleda av å delta på konsertar og andre kulturarrangement i regi av Kyrkjehola Kulturbeite. Dei siste åra har det rett nok ikkje vore like mange arrangement som tidlegare, men i fjor sommar var det også ein fin konsert og også den gongen - som no - på olsokkvelden. Årets konsert har fått tittelen; "Sommarsong i Rosekyrkja".

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.07.2019

Tone Oline Knivsflå og Kristin Lundemo Overøye er to unge, nyutdanna skodespelarar og songarar med sterke røter i vårt distrikt. Saman med pianist og komponist Odd Johan Overøye har dei plukka ein fargerik bukett av vakre dikt, viser, songar og salmar der sommaren – vår kjæraste årstid – er gjennomgangstema. Publikum blir også invitert med på allsong. Kyrkjehola Kulturbeite ynskjer velkommen til ein stemningsfull sommarkonsert av godt, gammalt merke i vakre Rosekyrkja (etter olsokgudstenesta).

heimsida til Kyrkjehola Kulturbeite kan du lese meir om konserten og då ikkje minst meir om dei tre du kan oppleve i Rosekyrkja, måndag den 29. juli.

Ta deg gjerne også ein kikk på tidlegare års program og bli imponert over det Kyrkjehola Kulturbeite har utretta i alle desse åra.

Ein del reportasjar frå KKB sine flotte arrangement har det blitt også i vår regi. Om du vil kan du ta eit tilbakeblikk. Mange kjekke bilder finn du m.a. og der.  Du fyl berre lenkene i reportasjane. 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Grønnfjord
Grønnfjord
Levert av ACOS AS