Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Larsgården Skolekorps med vellukka øvingshelg

Larsgården Skolekorps okt 2018 - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 Hallgeir Hove

Denne helga var det godt over 30 korpsmusikantar frå Larsgården Skolekorps, som var på plass i Stordalshallen og etter tilbakemeldingane å dømme vart opphaldet rett så vellukka. Som så mange gongar tidlegare er suksessoppskrifta kombinasjonen med mange gode øvingsøkter, mange kjekke aktivitetar å halde på med mellom øktene og ikkje minst den sosiale biten. I tillegg til musikantane sjølve, var det også ein god gjeng med leiarar og vaksne elles, med på øvingshelga. Til og med journalistbesøk vart det og.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.10.2018

Larsgården Skolekorps okt 2018 - populært med aktivitetar i idrettshallen - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 - populært med aktivitetar i idrettshallen Hallgeir Hove Larsgården Skolekorps okt 2018 - Stig Falling instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 - Stig Falling instruerer på skytebana Hallgeir Hove Larsgården Skolekorps okt 2018 - øving i grendasalen - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 - øving i grendasalen Hallgeir Hove Larsgården Skolekorps okt 2018 - vegg i vegg med Stordalshallen, finn ein også bassenget til Stordal skule - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 - vegg i vegg med Stordalshallen, finn ein også bassenget til Stordal skule Hallgeir Hove

Den supre gjengen ankom Stordalshallen rundt kl 18.00 på fredagskvelden og reiste ikkje heim før godt ut på søndag ettermiddag, så det vart god tid til både å øve på nye nummer og å boltre seg i idrettshallen, for å seie det sånn. På laurdagskvelden var det også lagt opp til instruksjon på skytebana og dette tok Stig Falling og Lars Johan Nygård frå Stordal Skyttarlag seg av. Mange valgte også å ta seg eit bad i bassenget ved Stordal skule (som ligg vegg i vegg med Stordalshallen). I idrettshallen var det lagt opp til overnatting på to av dei tre sal-delane, medan team-track, mini-trampett, slakkline-stativ, minigolf, bordtennis, skuddlaser m.m. stod framme heile helga. Liten tvil om at dette var populært.

På fredagskvelden kunne gjestane nyte nysteikt pizza, levert på døra av Joker i Stordal og laurdagskvelden var det taco som stod på menyen. I tillegg bydde dei vaksne på mange gode pausemåltid undervegs. Grendasalen vart nytta til øvingslokale og bespisning. Men etter at alt av øvingar og mat var unnagjort, kunne ein også nytte storskjermen og prosjektoren der.

Nytt i Uka hadde sendt ein av sine journalistar for å lage reportasje om det flotte korpset og dermed kan vi også vente oss fin reportasje der.

Ein suveren gjeng å ha på besøk!

Sjå gjerne fleire bilder frå øvingshelga i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Frå Storheimshornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS