Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Liabygda idrettsskule på nytt besøk

Liabygda idrettsskule des 2017 - mykje moro på team-track´n - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule des 2017 - mykje moro på team-track´n Hallgeir Hove

Idrettsskulen i Liabygda, er ein av våre mange trufaste gjestar. I går kveld var dei på plass igjen, der hovudaktiviteten var klatring, men i tillegg vart det mange andre sprell, både på team-track´n og på mini-trampetten.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.12.2017

Liabygda idrettsskule des 2017 - Vår Tårn instruerer - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule des 2017 - Vår Tårn instruerer Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule des 2017 - Matias Lied let seg imponere over luftige svev - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule des 2017 - Matias Lied let seg imponere over luftige svev Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule des 2017 - Helga Øvrebust nok ein gong på plass og gir instruksjon i klatreveggen - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule des 2017 - Helga Øvrebust nok ein gong på plass og gir instruksjon i klatreveggen Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule des 2017 - Stordalshallen er 20 år i år og like lenge har Kjell stilt opp! Imponerande, er kanskje eit dekkjande uttrykk? - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule des 2017 - Stordalshallen er 20 år i år og like lenge har Kjell stilt opp! Imponerande, er kanskje eit dekkjande uttrykk? Hallgeir Hove

Helga Øvrebust og Kjell Mulelid stilte som vanleg velvillig opp og bidrog til at gjengen fekk testa ut klatreveggen. Som dei god pedagogane dei er, fekk deltakarane også eit innblikk i korleis ein skal knyte for å vere sikker på at det heile held. Det var liten tvil om at gjestane likte seg i veggen.

Astrid Eide Stavseng, er leiar for idrettsskulen og ho hadde også med seg to unge instruktørar, nemleg Vår Tårn og Matias Lied. Etter oppvarming med leik og moro, var det på tide med krumspring på team-track´n og etterkvart også på mini-trampetten. Mot slutten av økta, fann gjengen også ut at det var moro å kunne lage ulike formar for hinderløyper, ved hjelp av dei mange skumapparata i ulike fargar og former. Og heile tida var det altså to stk i sving i klatreveggen.

Ein super gjeng å ha på besøk og det såg verkeleg også ut til at dei syntest det var stas å vere med.

Så gler vi oss alt til dei kjem på nytt besøk, nærare bestemt den 31. januar.

 

Sjølvsagt har vi eit bildegalleri frå besøket, i tillegg. Dette finn de på Stordalshallen si facebook-side.

Sjå gjerne også tidlegare reportasjar om besøk frå Liabygda.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Solnedgang over Fausa
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS