Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Lokalmønstring av UKM, førstkomande søndag!

UKM 2017 - Alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Alle på scena Hallgeir Hove

Etter å ha lagt bak oss eit forrykande jubileumsår, har 2018 starta - om mogleg - endå argare! Vi har alt hatt mange flotte arrangement og i tillegg ei rad kjekke besøk. Dei to neste helgane vert idrettshallen omgjort til konsert-, revy- og festarena, når vi først får lokalmønstring av UKM på søndag 18. februar og Årsfest for Stordalshallen laurdag den 24. februar. Etter dette står nye grupper klare til å besøkje oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.02.2018

UKM 2018 - plakat lokalmønstringa - Klikk for stort bildeUKM 2018 - plakat lokalmønstringa

Først eit kjapt tilbakeblikk på dei første 6 vekene av 2018:

Første fredagen i januar, var det Breidabliks venner som var samla for å ferie den suverene Breidablikfesten 28. oktober 2017.

Andre helga i januar, var det så klart for samling for Storfjord NTN Taekwon-do Klubb og besøk av Blindheim IL sine dyktige fotballdamer.

Tredje helga, var det Stordal Hornmusikklag og Stordals Skulekorps som inviterte til basar og oppslutninga var veldig god. Same helga fekk vi også, på ny, besøk av Spjelkavik Drillklubb

Siste helga i januar, var det så folkedansarane som inviterte til fest og også då vart det meldt om god oppslutning frå både fjern og nær.

Men før vi gjekk inn i februar månad, rakk vi også å ta imot våre faste gjestar frå idrettsskulen i Liabygda.

Første veka i februar var det så klart for to nye besøk. Først kom ei gruppe med elevar frå Ålesund Folkehøgskole og budde hjå oss frå torsdag 1. februar til dagen etter. Same dagen som desse elevane drog heim, kom så omlag 80 gjestar frå Ulsteinvik. Det var Ulsteinvik Skulekorps dette og det var tredje gongen på berre fire år at dei besøkte oss. Dei budde her frå fredag til søndag.

Når vi no har lagt den andre helga i februar bak oss, har vi som kjent også hatt besøk av Hatlane Skolekorps og kan med rette fastslå at 2018, definitivt ikkje ser ut til å bli noko mindre innhaldsrikt enn tidlegare år.

Ser vi vidare framover - og då etter lokalmønstringa og Åresfesten (dei to neste helgane) - står nye grupper i kø for å kome hit til oss. Vi nemner i full fart: Sunnmørsringen, Ålesund videregående skole, Spjelkavik Drillklubb og Spjelkavik handball (J 13). Så inviterer Stordal Hornmusikklag til musikalkonsert og sist men ikkje minst skal vi ha fylkesmønstring av UKM her! Alt dette før vi er ferdige med april månad!

...men tilbake til det som altså skal skje denne helga!

 

No er det nemleg klart for ei ny lokalmønstring av beste merke!

Etter at påmeldingsfristen gjekk ut sist søndag, kan vi glede oss over at det vert minst 10 flotte sceneinnslag og ei fin utstilling med 10 deltakarar. 

Truleg publikumsrekord!

Lokalmønstringane i Stordalshallen brukar samle ein stad mellom 300 og 400 personar. Når vi no også har gleda av å ha med deltakarane frå Norddal kommune (og i tillegg ein frå Stranda) er det all grunn til å forvente at det vert publikumsrekord på søndag.

Flott jury!

Som alltid, er det eit eige fagpanel på plass under UKM og denne gongen er vi så heldige å ha desse dyktige personane med oss:

- Maria Holand Tøsse
- Sølvi Lill Seljebotn
- Tore Nerhus (ivrig musiker (spelar gitar og syng) frå Eidsdal, som også er ein kreativ kokk)

Arrangørane er altså 10. klasse ved Stordal skule og opprigginga til dette suverene arrangementet startar alt på fredagskvelden. Så vil "vår" strålande lydmann, Lasse Døving, vere på plass og førebu alt som har med lyd og lys å gjere, slik at alt skal vere klart både til lokalmønstring og til Årsfest.

Minner også om at arrangørane har oppretta eit eige arrangement på facebook der det jamnleg vert lagt ut oppdateringar.

Då er det berre å gle seg til søndagen. Dørene opnar kl 17.15 og programleiarane entrar scena kl 18.00. Møt gjerne opp i god tid og nyt ein kopp kaffe og gode kaker, medan du tek ein kikk på utstillinga. Sjå eigen plakat!

For mykje meir om lokalmønstringane her i Stordal, viser vi til mange tidlegare reportasjar. Lenke til dette, finn du m.a. i vår førehandsreportasje lagt ut den 1. februar i år

 

Velkomen til ei ny flott lokalmønstring av UKM!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Naust i vårsol
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS