Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Maciek Kaniecki tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2018!

Maciek Kaniecki på scena - Klikk for stort bildeMaciek Kaniecki på scena Hallgeir Hove

Stordal kommune har, mest utan unntak, kvart år sidan 2002, delt ut kulturstipend. Ser ein på oversikta over dei som har motteke dette, er det liten tvil om at dette er ei utmerking som heng høgt. At også tildelinga dette året er høgst fortjent, er det liten tvil i.

 

 

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.12.2018

Maciek - førjulskonsert i Stordal kyrkje 2013 - Klikk for stort bildeMaciek - førjulskonsert i Stordal kyrkje 2013 Hallgeir Hove Maciek opptrer i lag med barnekoret ved Stordalstunet - Klikk for stort bildeMaciek opptrer i lag med barnekoret ved Stordalstunet Hallgeir Hove Maciek - kulturkveld 17. mai 2016 - Klikk for stort bildeMaciek - kulturkveld 17. mai 2016 Hallgeir Hove Maciek Kaniecki - opptrer på utescena under Stordsalscup 2017 - Klikk for stort bildeMaciek Kaniecki - opptrer på utescena under Stordsalscup 2017 Hallgeir Hove

Trass sin unge alder, har Maciek gleda oss mang ein gong på scena, anten dette t.d. har vore arrangement i Stordal skule sin regi, Stordal barnekor sin regi, eller det har vore på ungdomsklubben sine kulturkveldar 17. mai. I tillegg til at Maciek tydeleg er eit stort talent innan song, er han også oppteken av å måle og å spele fiolin. Han har vore elev ved Stordal Kulturskule i fleire år og dei siste to åra har han også teke privattimar i Ålesund kvar veke, for å utvikle stemma si ytterlegare.

Det er liten tvil om at guten har ambisjonar, der noko av måla hans er å få jobbe med profesjonelle i musikkstudio og etterkvart også få gitt ut plate. Ikkje minst ser han fram til det å kunne få representere Stordal kommune i ulike samanhengar framover.

Vi gratulerer Maciek med tildelinga av Stordal kommune sitt kulturstipend og gler oss stort over hans ambisjonar innan song og musikk. Vi takkar også nok ein gong for dei mange fine opplevingane han har gitt oss frå scena.

Overrekkjinga vil finne stad i samband med Stordal skule si juleavslutning i Stordalshallen, onsdag 19. desember.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Kari Anne Flatmo Hove
Frå Skjortneset mot Stordal
Kari Anne Flatmo Hove
Levert av ACOS AS