Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Mykje nytt utstyr på plass

Hitachi - projektor Stordalshallen feb 2018 - Klikk for stort bildeHitachi - projektor Stordalshallen feb 2018

Du la kanskje merke til at det var veldig skarpt og flott bilde på storskjermen i idrettshallen vår på den suverene Årsfesten til grenda Vinje, sist laurdag? Dette skuldast ikkje minst at vi har kjøpt ny projektor med m.a. 6 000 lumen (lysstyrke). Men dette er slett ikkje det einaste som er kom på plass den siste tida.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.02.2018

Slakkline - januar 2018 - Klikk for stort bildeSlakkline - januar 2018 Kasse - februar 2018 - Klikk for stort bildeKasse - februar 2018 Gym-matter januar 2018 - Klikk for stort bildeGym-matter januar 2018 Turnmatte  - Klikk for stort bildeTurnmatte

Projektor
Denne er av typen Hitachi CP-WU8461 og har vist seg vere veldig bra. Veil pris på denne er på kr 41.500,-. (nei, du finn den ikkje på Stordalshallen om du skulle ha bruk for den. Den er nemleg lagra på sikker stad)

Slakkline-stativ
Dette er ei genial løysing for alle som er opptekne av å trene på slakk-line. Berre å ta med seg ut på golvet og så er utstyret klart til bruk. Innkjøpspris ca kr 8.000,-.

SkumkasseDen nye skumkassa vår har tre forskellige fargar og sjølv om den fint kan delast i tre, har vi altså frå før av, mange slike (enkeltvis) - der borrelåsane er fjerna - og dermed håper vi at denne nye først og fremst kan nyttast heil (eller sjølvsagt som 2/3 når det er behov for det). Skumkassa kosta kr 13.200,-

Gym-matter
Vi har også fått på plass 10 nye (raude) gym-matter (i tillegg til dei mange vi har frå før), noko som gjer at vi kan få til å køyre endå fleire aktivitetar samtidig. Kostnad: kr 9.200,-.

Turnmatte
Vi har også fått ei eiga (lengre) matte på 2 meter breidde, som naturlegvis er veldig godt eigna til matte-turn o.l. Til liks med team-track´n er dette tungt utstyr og difor viktig å vere fleire også når det skal pakkast vekk att.

Teamtrack i over 10 år!
Teamtrack´n vår er langt frå ny, men etter at vaktmeister Jøran no har fått tetta små lekkasjar ved glidelåsen og også hatt på gjengeteip på alle dei små svarte toppene (som høyrer til på sidene), er denne no god som ny. Det er viktig då å peike på at ein ikkje skrur av desse toppene og sjølvsagt at ein passar på å kjenne etter at ein treff med gjengane, når ein skal skru fast koplingsstykket for luftinntaket. (Ja, og så skal den pakkast saman på rett måte også sjølvsagt) Teamtrack´n kosta i si tid ikkje mindre enn kr 70.000 den men vi kan med rette hevde at den er blitt nytta veldig mykje i løpet av desse 10 åra vi har hatt den. Vi tek gjerne også med at Olai Nakken var med og fekk skifta ut glidelåsen på denne, for eit par år sidan.

Godt samarbeid med barneidrettsgruppa!
Når det gjeld idrettsutstyret nemnt ovanfor, er det viktig å trekkje fram det gode samarbeidet vi har med barneidrettsgruppa i Stordal IL. Ser vi t.d. på skumkassa, mattene og slakkline-stativet hadde dette ein totalkostnad på over 30.000 kroner (inkl. mva). Utover spelemidlar til idrettsutstyr, som utgjorde kr 7.139,-, så delte barneidrettsgruppa og Stordalshallen på kostnadane knytt til innkjøp.

Stor stas!
Det er sjølvsagt veldig kjekt å kunne vise til at vi har fått endå meir utstyr på plass. Noko av det vi får av tilbakemeldingar - også frå våre mange besøkjande - er nettopp det at vi har så mykje kjekt å halde på med. Då tenkjer dei m.a. også på; klatreveggen, skytebana, konkurransetrampolina, skuddlaseren, minigolf, bordtennis, hoppbakken, minitrampetten, osv osv.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS