Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nasjonaldagsfeiringa på Dyrkorn og i Stordal

17. mai 2016 - tog på Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2016 - tog på Dyrkorn Bjørnar Midtbust

Feiringa av 17. mai er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte, også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.05.2019

17. mai 2018 - toget i Stordal - Klikk for stort bilde17. mai 2018 - toget i Stordal Hallgeir Hove 17. mai 2019 - plakat Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - plakat Dyrkorn 17. mai 2019 - program Stordal - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - program Stordal

På Dyrkorn går toget frå Grendahuset og til Bakkeplassen, med start kl 14.00. Tradisjonen tru, vert det også leikar for store og små, sal av gryterett, is, pølser og kaker. Det er Dyrkorn Vel, som står som arrangør.

I Stordal vert det også feiring på tradisjonelt vis. Som alltid startar toget frå sentrum og går til Stordal bygdetun, via Stordalstunet. Ved bygdetunet vert det m.a. også tale for dagen. Det vert vidare gudsteneste i Rosekyrkja kl 12.30 og så samlast alle i Stordalshallen og på Kirkebø Stadion kl 15.00, for leikar og underhaldning. Det er grenda Hovslia, som har teke på seg arrangøransvaret dette året.

Stordalssongen
Også i samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at Stordalssongen har ein ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa.

Her er elles tekstane til allsongen på nasjonaldagen vår (JPG, 446 kB)

Mange tidlegare reportasjar og bilder

17. mai i Stordal og på Dyrkorn, er storslåtte greier og vi har laga reportasjar frå feiringane dei siste 13 åra. Her kan du ta eit tilbakeblikk, om du fyl lenkene heile vegen.

Her finn du reportasjen frå feiringa i 2018

Då er det berre å gle seg til nye flotte feiringar og så kryssar vi fingrar for at vi også har "vergudane" med oss.
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalselva
Stordalselva
Levert av ACOS AS