Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

No kan vi avsløre kven som får representere Stordal under Fylkesfestivalen av UKM

No kan vi presentere dei som får representere Stordal kommune under fylkesfestivalen av UKM, i Kristiansund, første helga i mai. Juryen hadde inga enkel oppgåve, med så mange flotte innslag og inntrykk og lat det vere sagt med ein gong; om du no er ein av dei som ikkje gjekk vidare, skal du vite at du uansett verkeleg var med på å gjere lokalmønstringa til ei kjempeflott oppleving. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.03.2019

Josef Nedregård UKM 2019 - Klikk for stort bildeJosef Nedregård UKM 2019 Hallgeir Hove Maciek Kaniecki - UKM 2019 - Klikk for stort bildeMaciek Kaniecki - UKM 2019 Hallgeir Hove Herman Tronstad - UKM 2019 - Klikk for stort bildeHerman Tronstad - UKM 2019 Hallgeir Hove Sanne De Vrieze - UKM 2019 - Klikk for stort bildeSanne De Vrieze - UKM 2019 Hallgeir Hove Cato Falch - "Lundefugl" - Klikk for stort bildeCato Falch - "Lundefugl" Hallgeir Hove Isak Tafjord - UKM 2019 - Klikk for stort bildeIsak Tafjord - UKM 2019 Hallgeir Hove

Under lokalmønstringa sist søndag, vart juryen presentert for publikum og dei fekk også vel fortjent blomster og applaus for innsatsen sin. Det er nemleg ikkje nokon enkel jobb å skulle velje ut kven som bør få høve til å delta på fylkeskulturmønstringa, eller fylkesfestivalen som det no heiter. Som namnet tilseier, er dette først og fremst ein festival og ikkje ein konkurranse. Om ein då skulle vere av dei som ikkje får høve til å delta på fylkesmønstringa denne gongen, betyr det slett ikkje at det ikkje var bra nok det du bidrog med sist søndag. Med tanke på responsen frå publikum og elles det vi observerte, kan samtlege vere kjempegodt nøgde med det dei leverte.

I tillegg til å peike ut kven som får høve til å gå vidare, skal juryen vidare gje kvar og ein av dei som har vore med, ei skrifteleg tilbakemelding, anten det no var på scena eller med kunst. Denne vil deltakarane få utdelt med det aller første. Det høyrer med å nemne at juryen var på plass lenge før publikum byrja dukke opp, slik dei kunne studere kunstutstillinga i fred og ro. Det vart vidare langt på kveld før jobben var unnagjort.
Vi nyttar difor igjen høve til å takke; Maria Holand Tøsse, Sølvi Lill Seljebotn, Anders Jørgen Gjerde og Joachim Helland Helgesen for innsatsen.   

Her er juryen sitt framlegg til deltakarar frå Stordal kommune:

SCENE:

Josef Nedregård (piano) "Fremder Mann, opus 68 nr 29 (melodi Robert Schumann)

Maciek Kaniecki (vokal) "Never enough - The greatest showman" (tekst og melodi: B Pasek og J Paul)

Herman Tronstad (komponist) "A stitch in time" (melodi: Herman Tronstad)

 

KUNST:

Sanne De Vrieze (teikningar i blokk) "Characteristics"

Cato Falch (fotografi) "Lundefugl"

Isak Tafjord (fotografi) "Geit")

 

KONFERANSIER:

Fagpanelet kan også nominere deltakarar i kategorien "konferansier" og dette skjer ved innsending av eit eige skjema der panelet begrunnar kvifor dei ynskjer å sende deltakaren vidare. Sinne Eisma var påmeldt i denne kategorien og fagpanelet har skrive ein god begrunnelse der dei nominerer ho til konferansieroppdrag under Fylkesfestivalen.

 

Nok ein gong tusen takk til alle som deltok på lokalmønstringa! De var fantastiske flinke!

 

Så ynskjer vi lykke til, til alle deltakarene herifrå, som får høve til å representere Stordal kommune under Fylkesfestivalen i Kristiansund.

 

Sjå også reportasjen frå den supre lokalmønstringa sist søndag (der finn du også lenker til ei rad tidlegare reportasjar og ikkje minst ei rad bildegalleri)

Meir om UKM finn du på UKM Møre og Romsdal sine sider

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Arnt Flatmo
Panoramautsyn frå Ådalstinden.
Arnt Flatmo
Levert av ACOS AS