Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

No kan vi presentere dei som får representere Stordal

Sanne De Vrieze kan verkeleg å teikne og er vidare også denne gongen. No med teikninga "Tidsuglen" - Klikk for stort bildeSanne De Vrieze kan verkeleg å teikne og er vidare også denne gongen. No med teikninga "Tidsuglen" Hallgeir Hove

No kan vi presentere dei som får representere Stordal kommune under fylkesfestivalen av UKM, siste helga i april. Juryen hadde inga enkel oppgåve, med så mange flotte innslag og inntrykk og lat det vere sagt med ein gong; om du no er ein av dei som ikkje gjekk vidare, skal du vite at du uansett verkeleg var med på å gjere lokalmønstringa til ei kjempeflott oppleving.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.02.2018

UKM 2018 - Herdis Kamp si framføring av Kate Bush sin melodi; "Wuthering heights" var berre heilt fantastisk - Klikk for stort bildeUKM 2018 - Herdis Kamp si framføring av Kate Bush sin melodi; "Wuthering heights" var berre heilt fantastisk Hallgeir Hove UKM 2018 - Isak Tafjord vidare også denne gongen. No med eit nytt, stilig fotografi kalla; "Sjø" - Klikk for stort bildeUKM 2018 - Isak Tafjord vidare også denne gongen. No med eit nytt, stilig fotografi kalla; "Sjø" Hallgeir Hove UKM 2018 - Josef Nedregård spelar piano og det er ikkje mange som gjer dette like bra som han!  - Klikk for stort bildeUKM 2018 - Josef Nedregård spelar piano og det er ikkje mange som gjer dette like bra som han! Hallgeir Hove Laurent Mupenda har laga ny flott film, denne gongen i lag med Sondre Hovde og Rolf Vikene - Klikk for stort bildeLaurent Mupenda har laga ny flott film, denne gongen i lag med Sondre Hovde og Rolf Vikene Bjørg Jacobsen

Under lokalmønstringa sist søndag, vart juryen presentert for publikum og dei fekk også vel fortjent blomster og applaus for innsatsen sin. Det er nemleg ikkje nokon enkel jobb å skulle velje ut kven som bør få høve til å delta på fylkeskulturmønstringa, eller fylkesfestivalen som det no heiter. Som namnet tilseier, er dette først og fremst ei mønstring og ikkje ein konkurranse. Om ein då skulle vere av dei som ikkje får høve til å delta på fylkesmønstringa denne gongen, betyr det slett ikkje at det ikkje var bra nok det du bidrog med på søndag. Med tanke på responsen frå publikum og elles det vi observerte, kan samtlege vere kjempegodt nøgde med det dei leverte.

I tillegg til å peike ut kven som får høve til å gå vidare, skal juryen vidare gje kvar og ein av dei som har vore med, anten det no var på scena, eller med kunst, ei skrifteleg tilbakemelding. Det høyrer med å nemne at juryen var på plass lenge før publikum byrja dukke opp, slik dei kunne studere kunstutstillinga i fred og ro. Det vart vidare langt på kveld før jobben var unnagjort.
Vi nyttar difor igjen høve til å takke; Maria Holand Tøsse, Sølvi Lill Seljebotn og Tore Nerhus, for innsatsen.   

Her er juryen sitt framlegg til deltakarar frå Stordal kommune på årets fylkesfestival:

 

SCENE:

Herdis Kamp - med sangen "Wuthering heights".

Flip Boyz (Andreas Stavseng, Cato Falch og Remy Nyli) - med triksing på teamtrack.

Josef Nedregård - med framføring av "Melodi" frå lyriske stykker opus 47 nr 4 på piano (E. Grieg)

 

FILM:

"Final Destiny" av Laurent Mupenda. Med Rolf Vikene og Sondre Hovde.

 

UTSTILLING:

Sanne De Vrieze med teikninga "Tidsuglen"

Isak Tafjord med fotografiet "Sjø"
 

Vi gratulerer nok ein gong alle deltakarane med flott innsats og samstundes ynskjer vi dei som er plukka ut til å representere Stordal kommune, lykke til på fylkesfestivalen!

Sjå reportasjen vår frå den flotte lokalmønstringa søndag den 18. februar!

På UKM si nettside, får du med deg alle detaljar

For deltakarane frå Norddal kommune, så vil dei få liknande tilbakemelding med det aller første.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS