Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nok ei vellukka Stordalssamling i langrenn!

Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove

Sist helg var langrennsløparar frå heile fylket vårt samla i Stordalshallen, når langrennsgruppa i Stordal IL gjennomførte Stordalshelga i langrenn for ellevte året på rad. Ruskte ver til tross, tilbakemeldingane arrangørane får frå dei deltakande laga og utøvarane er udelt positive, noko som ikkje akkurat kjem overraskande på oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.10.2018

Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove

Den 11. Stordalshelga i langrenn vart gjennomført etter malen frå tidlegare. Ingen grunn til å endre så mykje på det som fungerer så bra.

Stordalshallen dannar base for samlinga og det er der utøvarane inntek alle måltid, det er der dei overnattar og det er der dei har det sosialt og kjekt saman. Fast er det også at den første, av mange gode treningsøkter, skjer nettopp i Stordalshallen og då får utøvarane prøve ut både teamtrack, slakkline og mykje anna kjekt der.

Også resten av helga byr på rikhaldige og varierte treningsøkter, der det sjølvsagt er mykje fokus på det tekniske i form av mange rulleskiøkter, men utøvarane får også delta på spennande konkurransar av ulikt slag. Sjå heile programmet her. (PDF, 94 kB)

 

Frank Polte (MOI) har teke mange fine bilder frå samlinga og også laga til nokre filmsnuttar. Desse kan du sjå her.     

Her kan du sjå filmsnutt frå ei av rulleskiøktene, lagt ut av Pål Bjørn Øvrebust, og her glimt frå terrengløpet søndagen. Pål Bjørn la også ut flotte bilder og filmsnuttar frå økta på fredagskvelden og første rulleskiøkta på laurdagen.

Vi har også laga til eit galleri med bilder frå samlinga og då frå den første økta i Stordalshallen på fredagen

Legg også merke til at vi har eit eige galleri med gruppebilder frå alle dei elleve samlingane så langt

Vi anbefaler sjølvsagt også på det varmaste at de tek eit tilbakeblikk på alle dei 10 første samlingane og. De finn både reportasjar og ei rad med bildegalleri sjølvsagt. Du kan starte med å gå til Jubileumssamlinga i fjor og så er det berre å fylje lenkene vidare, derifrå.

 

I løpet av alle desse åra med vellukka samlingar, har det ikkje mangla på gode tilbakemeldingar. Vi har fanga opp eit par av alle desse, etter samlinga denne gongen:

 

"Stordalsamling er sannsynlig fylkets beste samling. Det var kjempeartig med veldig bra treningsopplegg og en herlig sosial ramme. 2 utøvere fra MOI var med. Neste år blir vi flere!" 

Frank Polte, MOI Langrenn

 

"Allsidig, målrettet og sosialt hele helgen. Flott tiltak der mange bidrar for at våre unge utøvere får ei god og minnerik helg."

Petter Myrset, MOI Langrenn

 

Vi nyttar høve til å gratulere langrennsgruppa i Stordal IL, med nok ei Stordalssamling vel i hamn. Takk også til dei mange utøvarane og leiarane frå klubbar rundt om i heile fylket vårt. Det er alltid like stor stas å få besøk av dykk!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Småbåthamna
Liv Gunvor Hove Midtbust
Levert av ACOS AS