Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ny sesong og nye topplasseringar!

Petter Løset Skodjereite er fortsatt junior, men blant dei beste under senior NM sist helg - Klikk for stort bildePetter Løset Skodjereite er fortsatt junior, men blant dei beste under senior NM sist helg Pål Bjørn Øvrebust

Ein ny skisesong er i gong og for alle oss som fyl ekstra godt med på utøvarane frå 100 årsjubilanten Stordal IL, betyr det at vi kan gle oss over den eine flotte prestasjonen, etter den andre. Denne helga var både Petter og Martine i aksjon på Beitostølen og gjorde sine saker veldig bra. Ein ellevteplass i senior-NM er imponerande av Petter, som fortsatt er junior! I tillegg til desse to, er det endå fleire som nok også kjem til å figurere i toppen av resultatlistene, både nasjonalt og internasjonalt. Imponerande av lille, store Stordal IL!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.11.2018

Martine Lorgen Øvrebust viste på Beito at ho er på full fart tilbake, etter operasjon og sjukdom - Klikk for stort bildeMartine Lorgen Øvrebust viste på Beito at ho er på full fart tilbake, etter operasjon og sjukdom NRK Vegard Busengdal med ei rad topplasseringar for Lobos (University of New Mexico), sist sesong - Klikk for stort bildeVegard Busengdal med ei rad topplasseringar for Lobos (University of New Mexico), sist sesong Fien van Zwieten klar for ein ny sesong og nye topplasseringar! - Klikk for stort bildeFien van Zwieten klar for ein ny sesong og nye topplasseringar! Skiforbundet Maia Søe Valde klar for ein ny sesong og nye topplasseringar!  - Klikk for stort bildeMaia Søe Valde klar for ein ny sesong og nye topplasseringar!

I løpet av dei siste 10 - 15 åra, har det blitt ganske så mange reportasjar om strålande prestasjonar i skiløypene her på sida vår. Ser ein tilbake på dette (og det vil vi faktisk tilrå at de gjer!), er det nok ikkje mange andre stadar ein kan vise til makan. Ekstra gledeleg er det også å registrere at suksessen ser ut til vare ved no når det flotte idrettslaget vårt feirar 100 år og er klar å ta fatt på dei neste. 

At Petter Løset Skodjereite er blant landets beste innan kombinertsporten har han til fulle bevist dei siste åra. Ekstra spennande då, når han skal ut og bryne seg mot verdas beste seniorar, slik tilfellet var no i helga. Sjølv om Petter framleis held junioralder klarte han faktisk ellevteplassen i NM han, etter at hoppinga i Midtstubakken i Oslo og langrennet på Beitostølen var unnagjort. Dei som fyl desse utøvarane ekstra godt, veit at Petter har vore gjennom periodar der kroppen ikkje har respondert som den skal, men no tyder alt på at pila peikar i rett retning for odelsguten på Løset, som altså har Lillehammer som adresse også dette året.

På Beitostølen sesongopna også Martine Lorgen Øvrebust og til liks med Petter, har det ikkje stått på topplasseringar for ho heller dei siste åra og også ho har alt fått oppleve å delta både i OL og VM for junior. No er det Therese Johaug og resten av verdas beste langrennsløparar ho skal bryne seg mot og berre tanken på det, gir oss frysningar. For Martine var renna på Beitostølen for gjennomkøyringar å rekne, ikkje minst med tanke på at ho tidlegare i haust opererte vekk mandlane. Dette naturlegvis for å unngå at sjukdom skulle øydeleggje for ho, slik det t.d. gjorde under junior OL i USA. Synd då at nettopp ein ny sjukdomsperiode kom, omtrent samtidig med at ho var klar att, etter operasjonen. I lys av dette bør nok både Martine, Team Veidekke (skiforbundet sitt regionlandslag) og støtteapparatet her heime, sjå lyst på det som skal skje vidare utover i sesongen.  

Om vi så held oss til langrennssporten, er Martine langt frå åleine som utøvar frå Stordal IL,som presterer på høgt nivå. Langrennsgruppa driv særs godt og med god breidde. Av fleire utøvarar som kjem etter Martine, må vi sjølvsagt trekkje fram søstrene, Vilde Lorgen Øvrebust (18) og Lone Lorgen Øvrebust (15). Vi gler oss sjølvsagt også til å fylje med dei utover sesongen, vel vitande om at dei skal ut og konkurrere mot dei beste i verda i sine årsklasser.

Men sjølvsagt stoppar det ikkje der. Enno har vi ikkje fått sagt noko om alpint og også der står vi i høgste grad framfor ein ny spennande sesong. No er det først og fremst tre løparar som skal føre vidare dei sterke medaljetradisjonane Stordal Alpin har. Vi startar med eldstemann, Vegard Busengdal, som er inn i sitt tredje år ved University of New Mexico. Med sine mange topplasseringar, ikkje minst sist sesong, har han verkeleg gjort seg bemerka. Etter det vi kjenner til er det også snakk om at han skal prøve å få med seg nokre renn her i Norge, i samband med at han kjem heim på juleferie. Vegard er også ein utøvar som har hatt sine periodar med skadar, men likevel klart å kome tilbake kvar gong. Slik sett passar vel denne godt, også på han: "I´ll be back".

Veldig spennande blir det, sist men ikkje minst, å fylje dei to supertalenta i 2002-klassa, nemleg Fien van Zwieten og Maia Søe Valde. Også dei to har for lengst vist at dei er blant dei aller beste i si årsklasse både her til lands og internasjonalt. At det blir lagt ned mange timar med trening og elles også satsa knallhardt, er det ingen tvil om. Fien har starta på skigymnaset på Oppdal, medan Maia har starta på NTG på Lillehammer (etterkvart mange frå SIL der nede, med andre ord). Begge to er elles landslagsutøvarar for hhv Nederland og Danmark!

No vart dette naturlegvis berre ei kort oppdatering frå vår side og det kunne utvilsamt vore skrive side opp og side ned, både om merittane til desse og endå meir om det som elles skjer blant våre vinteridrettsutøvarar. Vi står også i fare for at det er ting vi ikkje har nemnt, som burde nemnast, men då får vi evt kome inn på det ved neste høve.

Stordal IL - med si rike historie, ikkje minst med tanke på prestasjonar i skiløypene - har all grunn til å vere stolt av utøvarane sine, også i jubileumsåret!

Vi gratulerer med strålande resultat sist helg og ynskjer både dei ovanfor nemnte, og alle dei andre vinteridrettsutøvarene våra, lykke til med den komande sesongen!

Vi gløymer heller ikkje at det skjer mykje positivt innan idretten i Stordal, også elles. Tenkjer då både på dei mange flotte plasseringane til utøvarane innan taekwon-do, opprykk for fotballdamene og stor aktivitet blant dei aldersbestemte laga der, stordalingar som gjer det bra i andre klubbar (som t.d. i cheerleading), veteranar som gjer det bra både i hoppbakken og på fotballbana, for å nemne noko av dette.

 


 



 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Utsikt frå Mohornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS