Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nye, sterke prestasjonar av utøvarar frå Storfjord NTN Taekwon-do klubb

Anna Sofie Moe, 12 år, med gull i sparring i Barcelona - Klikk for stort bildeAnna Sofie Moe, 12 år, med gull i sparring i Barcelona Storfjord NTN Taekwon-do klubb

Storfjord NTN Taekwon-do klubb kan nok ein gong vise til strålande resultat i konkurransar rundt omkring. Sist helg stilte klubben med seks deltakarar i ein internasjonal konkurranse i Barcelona. Blant fleire sterke resultat, kan vi gle oss over at 12 år gamle Anna Sofie Moe gjekk heilt til topps i disiplinen sparring.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.04.2019

Barcelona Open  - Klikk for stort bildeBarcelona Open

Under fylkesmesterkapet nyleg, imponerte Jitte Eisma med å ta gull og Cato Falch med bronse. Begge i disiplinene mønster.

Sist helg var altså seks av utøvarane deira på tur til Barcelona og deltaking i Barcelona Open. Dei deltok då under paraplyorganisasjonen "Team Sunnmøre" der dei er ein av seks klubbar. Denne gongen var det kun deltakarar frå Storfjord NTN Taekwon-do klubb og Ålesund Taekwon-do klubb med, men dei kunne likevel vise til imponerande 13 pallplasseringar saman!

Frå Storfjord NTN Taekwon-do klubb var det fyljane utøvarar som deltok: Eileen Ranheim Omenås, Jitte Eisma, Yasmin Øcalan, Cato Falch, Sverre Godø Hoel og Anna Sofie Moe.

Fem av dei 13 pallplasseringane var det deltakarane frå Storfjord NTN Taekwon-do klubb som stod for.

I tillegg til den imponerande førsteplassen til Anna Sofie Moe i sparring, sikra Sverre Godø Hoel seg bronse i sparring. Det same gjorde Yasmin Øcalan og Eileen Ranheim Omenås. Bronse vart det også til Jitte Eisma og då i disiplinen mønster. 

Du kan få med deg meir om både turen til Barcelona og prestasjonane elles, ved å fylje Storfjord NTN Taekwon-do klubb på facebook

Her er facebooksida til arrangørane av Barcelona Open

 

Vi gratulerer med dei strålande resultata!

 

Sjå gjerne også ein del tidlegare reportasjar om Storfjord NTN Taekwon-do klubb

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden 2
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS