Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Programmet for Stordalscup 2018 er klart!

Stordalscup 2018 - program (forside) - Klikk for stort bilde

I skrivande stund er det berre 8 dagar att til "folkefesten over alle folkefestar"! Vi snakkar sjølvsagt om Stordalscup og i dag kunne arrangørane i fotballgruppa til Stordal IL også presentere programmet for årets utgåve. Dette er den 38. utgåva av Stordalscup folkens! Enkelt og greit eineståande flott!

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.06.2018

Stordalscup 2017 - Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Stordalshallen Stordalcup - oversiktsbilde - Klikk for stort bildeStordalcup - oversiktsbilde Bjørnar Midbust Stordalscup 2016 - Loppemarked i Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2016 - Loppemarked i Stordalshallen Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - fornøgde spelarar og leiarar frå Sykkylven - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - fornøgde spelarar og leiarar frå Sykkylven

tidlegare førehandsreportasjar har vi brukt ein del tid på å samle saman lenker til reportasjar som går langt tilbake i tid og ikkje minst har vi lagt til lenker til mange flotte bildegalleri. Absolutt verdt å kikke på. Men ikkje minst har vi også skrive ein heil del om det ein kan få oppleve under årets folkefest.

Etter det vi kjenner til, kan ein faktisk vere heldig og få plass med lag i turneringa, sjølv om påmeldingsfristen eigentleg gjekk ut den 5. juni. Sjå påmeldte lag så langt og korleis du evt tek kontakt. Men no hastar det!

Heile 70 lag er alt påmeldt, noko som tilseier at vi får besøk av rundt 700 fotballspelarar! Når vi så tek med alle dei som kjem for å heie, eller rett og slett for å få med seg mykje av alt det andre som skjer denne helga, så kan vi gange opp dette talet med 10. Det er nemleg slett ikkje uvanleg at vi har nærare 7 000 personar på besøke i samband med Stordalscup.

Men så til årets program, som nok ein gong viser kor innhaldsrik denne helga er og at det så definitivt er uendeleg mykje meir enn fotball ein kan oppleve!

Sjå programmet som pdf her! (PDF, 4 MB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS