Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sau og sånt, med på vinnarlaget!

Sau og sånt - Nathalie tek seg god tid til å kose med sauane sine - Klikk for stort bildeSau og sånt - Nathalie tek seg god tid til å kose med sauane sine Sau og sånt

Har du ikkje høyrt om Sau og sånt? Då bør du merke deg namnet på denne spanande satsinga med ein gong! Høge fjell og grøne markar i Stordal, vart inspirasjon for Nathalie de Vrieze som ynskte å skape seg eit levebrød tett inn på denne vakre naturen. Ho valgte gammalnorsk spælsau og det har ho definitivt ikkje angra på! Vi er sjølvsagt ekstra glade for å få ho med på vinnarlaget vårt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.05.2017

Sau og sånt - ikkje vanskeleg å bli glad i slike skapningar - Klikk for stort bildeSau og sånt - ikkje vanskeleg å bli glad i slike skapningar Sau og sånt Sau og sånt - dyra kan knapt få det betre enn dette - Klikk for stort bildeSau og sånt - dyra kan knapt få det betre enn dette Sau og sånt Sau og sånt - så blir det også kvalitetsprodukt av slikt - Klikk for stort bildeSau og sånt - så blir det også kvalitetsprodukt av slikt Sau og sånt Sau og sånt - logo - Klikk for stort bildeSau og sånt - logo Sau og sånt

Mange har alt lagt merke til satsinga til Nathalie de Vrieze her i Stordal, som ho har valgt å kalle for Sau og sånt. I ei tid der det dessverre er slik at det vert stadig sjeldnare ein kan få oppleve dyr på beite, har Nathalie valgt nettopp å satse på sau og det i vid forstand. Sau og sånt ynskjer nemleg m.a. å produsere kortreist, rein og sunn mat - m.a. utan tilsetningar eller antibiotika - frå gammalnorsk spælsau. Dette er mat som folk vil ha glede av og i tillegg vil satsinga også vere eit bidrag i arbeidet med å halde kulturlandskapet ope. Vidare ynskjer Sau og sånt også å produsere fine skinn - og ullprodukt. Men ikkje nok med det; Sau og sånt tilbyr også noko så spanande som Sauesafari! Då kan ein vere med på fjelltur og besøke dei fine gammalnorske spælsauane som er på sommarbeite på Langsætrane fremst i Stordal. Undervegs får ein då litt info m.a. om historia til denne særeigne sauerasen og Langsætrane. Ein vil sjølvsagt også få høve til å spandere ein gobit på sauane. Det vil heller ikkje overraske oss om Nathalie leitar fram fløyta si og spelar på den. Ho har alt imponert mang ei forsamling, også her omkring, med si vakre fløytespeling.

Gammalnorsk spælsau er ei sauerase som vart halde som husdyr allereie i jarnalderen. Dei er godt tilpassa klimaet og går ute heile året. Dei har fin ull i ulike fargar frå kvit, grå- og brunnyanser til svart. Dei er kromhorna og har kort hale. Kjøtet er velsmakende og mørt med lite fett.

Nathalie og dei fire andre i familien hennar flytta til Stordal (frå Nederland) i 2009, men satsinga på sau er likevel relativt fersk. Høge fjell og grøne markar vart inspirasjon til å ville prøve å skape eit levebrød tett inn på denne vakre naturen. Året 2016 var på sett og vis alt nytt. Det var fyrste gongen med lamming, fyrste gongen ho sendte dyra til fjells og fyrste gongen med produksjon av pinnekjøt, fenalår og lammerull. Det heile gjekk over all forventning, der ho selde matvarene gjennom Bondens Marked og Stolt Mat. Ho er evig takksam for å ha fått nytta produksjonskjøkkenet ved Nilsgardstunet. Nathalie fortel at dei no også har lammeburgerar å tilby. Dei kan ein få kjøpt anten heime hjå ho i Øvrebustfeltet, eller hjå Stolt Mat på Ørskog. I desse dagar er sauene nyfriserte og fine og Nathalie har dermed også ull til salgs.

Sau og sånt brukar mykje tid på å oppdatere oss ved hjelp av facebooksida si. Der finn ein difor ei rad flotte bilder av dei fine dyra og i tillegg også filmsnuttar frå det mest av det sauane held på med.

Sjølvsagt anbefaler vi at du fyl Sau og sånt på facebook!

Sjå m.a. den kjekke filmsnutten frå då sauane vart slept på sommarbeite i idylliske omgivelsar på Langsætrane

Vi ynskjer vår nye samabeidspartnar velkomen med på laget og føler oss overtydd om at den suksessen verksemda opplevde i løpet av oppstartåret 2016, berre vil auka på i åra framover. Det er klart vi ynskjer ei slik satsing verkeleg velkomen!  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ytste-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS