Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Siste kulturkalender for i år

Juleshow med Maria, BOB og BVV 10. desember  - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 10. desember

Vi har lagt bak oss nok ein periode full av høgdepunkt og flotte arrangement. No ser vi nye tre månader framover og dermed også ut året 2017. Vi kan i høgste grad konstatere at det er endå meir å gle seg til.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.10.2017

Frå Geitabottstinden mot Overøye/Langsætrane. Øvre Stordal har mykje på programmet - Klikk for stort bildeFrå Geitabottstinden mot Overøye/Langsætrane. Øvre Stordal har mykje på programmet Breidabliks venner klare med Breidablikkfesten, laurdag 28. oktober! - Klikk for stort bildeBreidabliks venner klare med Breidablikkfesten, laurdag 28. oktober! Juleavslutning 08. Småskulen på scena - Klikk for stort bildeJuleavslutning 08. Småskulen på scena Hallgeir Hove Grendacupen 2006. Unge fotballspelarar - Klikk for stort bildeGrendacupen 2006. Unge fotballspelarar John Kristian Hjelle

For mykje av det flotte vi har lagt bak oss, viser vi til reportasjar både på våre nettsider og på facebook og sjølvsagt også i lokal-media, samt dei mange flotte nettsidene og facebooksidene til lag og organisasjonar i vårt nærområde. Om ein tek seg tid til å studere dette nærare, ja så reknar vi med at de er samd om at dette er ganske så imponerande.

Vi går no inn i ein periode, der mange av dei flottaste arrangementa i løpet av året, finn stad. Då tenkjer vi på t.d. Stordal skule si juleavslutning, vi tenkjer på konsertane i regi av hornmusikken og skulekorpset, vi tenkjer på dei mange flotte arrangementa ved frivilligsentralen og mykje meir.

Kulturkalenderen denne gongen innheld m.a. også Breidablikfesten den 28. oktober, Juleshow med Maria H Tøsse, Big Odd Band og Big Valley Voices den 10. desember og ikkje minst også mange arrangement i regi av Øvre Stordal

Igjen er det viktig å peike på at det heilt sikkert er mange fleire arrangement enn dei ein har med i denne oversikta og ikkje minst også dei mange faste arrangementa og aktivitetane, som ikkje er med i denne. Mange av dei faste frå veke til veke, finn ein i oversikta over Trenings-, øvings- og opningstidene.

Om du har kjennskap til arrangement, som ikkje er kome med her, eller det er andre ting du har på hjartet, er det berre å ta kontakt med oss i "kulturteamet".

Sjå kulturkalender nr 4 - 2017, som pdf her (PDF, 282 kB)

 

Her er nettsida til Stordalshallen

Her er nettsida til Stordal bibliotek

Her er nettsida til kultur

Her er facebooksida til Stordalshallen

Her er facebooksida til Stordal frivilligsentral

Her er facebooksida til Barnas kommune

Her er facebooksida til Stordal bibliotek

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS