Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sjølvsagt blir det også Grendacup og "Open dag"

Open dag 29. des 2016 - Klikk for stort bildeOpen dag 29. des 2016 Hallgeir Hove

Vi har nettopp lagt ut reportasje om det spanande treningstilbodet, kalla tabata, men tru ikkje at dette er det einaste som skjer i Stordalshallen denne jula. Sjølvsagt blir det Grendacup også denne jula og då vert dette den 22. utgåva det. Så køyrer vi i tillegg på med ein ny "Open dag", eit opplegg som også verkeleg er blitt populært.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.12.2017

Grendacup 2016 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2016 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2016 - Halvor Hove Lund, fyrer av - Klikk for stort bildeGrendacup 2016 - Halvor Hove Lund, fyrer av Hallgeir Hove Open dag 29. des 2016 - Klikk for stort bildeOpen dag 29. des 2016 Hallgeir Hove Open dag 29. des 2016 - Klikk for stort bildeOpen dag 29. des 2016 Hallgeir Hove

Sjølv om ikkje alle detaljane er på plass endå, vil Grendacupen gå av stabelen, etter same mal som tidlegare. Ein startar då med turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse først og så held arrangementet fram med turneringa for dei vaksne rett etterpå.

Det einaste som ser ut til å bli endra på, er tidspunktet for oppstart. Mest truleg vert det oppstart for 5. t.o.m 8. klasse kl 11.30 og for dei vaksne kl 13.00. (dermed ei endring i høve til tidlegare oppsett "Barnas juleprogram" med andre ord)

Også i år, er det 2. juledag det skal skje. Meir info kjem med det første.

Sjå reportasjen frå i fjor, for mykje meir om dette tradisjonsrike arrangementet.

 

Fredag 29. desember (5. juledag) er det så klart for "Open dag", der det m.a. vert høve til å klatre, skyte, hoppe trampoline, boltre seg på team-track´n og mykje meir. I fjor var det nærare 150 personar innom i løpet av dagen. Også denne gongen startar vi opp kl 12.00 og held på til kl 14.00.

 

Sjå totaloversikta over Barnas juleprogram for endå meir

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS