Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sjølvsagt blir også Valldal safteri med!

Nathalie på plass ved Devoldfabrikken - Klikk for stort bildeNathalie på plass ved Devoldfabrikken

Du har kanskje lagt merke til at Stordalshallen har fått endå fleire, flotte samarbeidspartnarar også dei siste vekene? Det er naturlegvis stor stas og ei ny stadfesting på kor populært det er å vere med på laget vårt. Når Valldal safteri kjem med no, kan vi merke oss både det at det dei siste åra er mange verksemder nettopp lokaliset i Valldal vi får høve til å profilere. Det spesielle med Valldal safteri, er sjølvsagt også at det er dei same som driftar denne flotte verksemda, som også står bak den spennande verksemda Sau og sånt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.06.2019

Valldal safteri - reklameskilt - Klikk for stort bildeValldal safteri - reklameskilt Valldal safteri - blåbær - Klikk for stort bildeValldal safteri - blåbær Valldal safteri - tapping av eplemost - Klikk for stort bildeValldal safteri - tapping av eplemost Valldal safteri & Sau og sånt - Klikk for stort bildeValldal safteri & Sau og sånt

No er nok Valldal safteri kjent for dei fleste, men lat oss likevel ta med nokre linjer frå heimesida deira også her.

"Valldal safteri har lange tradisjonar i Valldal og Norddal kommune. Bedrifta vart stifta i 1919 som Norsk Bærindustri og har produsert saft og syltetøy av lokale råvarer. 

Bønder og hageeigarar i Valldal og bygdene rundt leverer mykje frukt og bær gjennom sommar- og haustmånadene.

Ein del frukt og bær blir pressa til frisk saft, som anten kan drikkast som ho er, eller sukrast og kokast. Oppskriftene er tradisjonsrike og velprøvde, så smaken av heimelaga syltetøy er sikra!

Samtidig arbeider vi heile tida med å utvikle nye produkt med spennande smakar og mindre sukker.

Du finn butikken i Gamle Syltegata, bak kyrkja i Valldal sentrum."

Carlo og Nathalie de Vrieze overtok drifta av Valldal safteri i 2018 og frå før av hadde dei også starta opp Sau og sånt i Stordal. Det er er liten tvil om at det ligg eit enormt potensiale i begge dei to verksemdene og etter at dei overtok Valldal safteri, har dei ikkje akkurat hatt vanskar med å fylle tida, for å seie det sånn. Henvendelsane er mange frå både kafear, restaurantar og hotell, og nye kundar dukkar stadig opp. Det kjekke er også at dei kjem langt på veg av seg sjølv. Dermed jobbar dei på spreng for å klare å levere nok saft, eplemost og sylte til alle desse. Men det at det er slik, er sjølvsagt eit luksusproblem, som dei sjølve kallar det.

Valldal safteri har ei flott heimeside vi gjerne anbefalar. Eit besøk der, vil garantert friste smakssansane dine. Intererssant var det også å legge merke til kor mange ulike produkt dei har på menyen.

Om du fyl Valldal safteri også på facebook, vil du få med deg dei aller ferskaste oppdateringane frå Nathalie og Carlo. Det kan vere lurt.

Sjå gjerne også vår reportasje om vår gode samarbeidspartnar Sau og sånt

Fin reportasje i Storfjordnytt i høve overtakinga av safteriet i 2018

Vi ynskjer Valldal safteri velkomen med på laget vårt!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS