Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Skal du søkje om å få tildelt spelemidlar?

Snøproduksjonsanlegg ved Stordal Alpinsenter - Klikk for stort bildeSnøproduksjonsanlegg ved Stordal Alpinsenter

Skal ein søkje om å få tildelt spelemidlar i 2019, er det viktig å merke seg at det er eit krav at tiltaket er med i kommunen sin delplan for idrett og fysisk aktivitet. Fristen for å kome med innspel til planen, er sett til 1. oktober 2018. I denne reportasjen finn ein meir om både dette og om spelemiddelordninga generelt. Vi registerer også med stor glede at Stordal Alpinsenter no har motteke tilsegn på kr 1 million til snøproduksjonsanlegga der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.07.2018

Planen sin handlingsdel vert årleg rullert, slik at nye anlegg/prosjekt kan kome med. Samstundes kan prioriteringsrekkefølgja mellom dei ulike tiltaka verte justerte. Aktuelle prosjekt skal altså meldast inn til kommunen.

I eventuelle innspel til delplanen bør det kome fram m.a. kven det er som står bak tiltaket, kva kostnadar det er snakk om, korleis ein ser føre seg at det heile skal finansierast og ikkje minst bør ein kome inn på kvifor nettopp dette tiltaket bør kome med i planen og kvifor det er så viktig at nettopp dette prosjektet bør prioriterast. Ei slik behovsanalyse vil også vere viktig i neste omgong, når ein skal søkje idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.


For å ha god tid på seg i høve til rulleringsarbeidet, er fristen for å kome med innspel sett til 1. oktober.

Ein minner igjen om at prosjekt, som ikkje er komen med i kommunen sin handlingsdel, heller ikkje vil vere søkjeberettiga i høve til spelemidlar.

 

Alle søknadar om spelemidlar skal fyllast ut elektronisk. Dette er det altså den einskilde søkjaren som tek seg av. Meir informasjon om dette og mykje meir, finn ein på anleggsregisteret.no

Bestemmelsar om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018 (for tildelingar i 2019) Her finn du alt du måtte lure på - og meire til - når det gjeld spelemiddelordninga.

Det er kulturavdelinga (seksjon folkehelse og fysisk aktivitet) ved fylkeskommunen som samordnar alle søknadane i Møre og Romsdal, med ein siste innsendelsesfrist for kommunene sin del, sett til 15. januar.

For at vi skal kunne få sendt vidare alle søknadane frå vår kommune, og sjå til at alt som skal vere med er på plass, er det sett ein frist til den 15. november i høve til å ha ferdig den elektroniske søknaden. Søknadar som vert utarbeidd og lagt inn elektronisk etter den tid, kan ein ikkje automatisk rekne med vert handsama.

Ein minner igjen om at også anlegg/tiltak som det tidlegare er søkt spelemidlar til, og der ein enno ikkje har fått tilsegn (evt ikkje har fått utbetalt alt), må det søkjast på nytt for. Dermed vert dette også ei påminning til alle som ynskjer å søkje om spelemidlar i 2019 og som frå før av har sine tiltak med i delplanen.

I kommunen vår kan vi vise til ei rad flotte anlegg som er komne på plass m.a. takka vere spelemidlar. Samstundes er det også slik at søkjemassa er stor og at midlane til fordeling ikkje strekkjer til. Det er slik sett difor ikkje uvanleg at ein må sende inn søknaden fleire år, før ein får tilsegn. For Stordal kommune sin del, vart statusen slik i høve til innsendte og godkjente søknadar i 2018 (vedteke i kulturutvalet i Møre og Romsdal i møte i juni i år):


ORDINÆRE ANLEGG:


Anleggsnr 71640 Snøproduksjonsanlegg Stordal Alpinsenter (Hovedtrase) Søknadssum kr 1.000.000,-. Godkjent og har motteke tilsegn på kr 1.000.000. 

Anleggsnr 50599 (søknadsnr: 128336) Snøproduksjonsanlegg Stordal Alpinsenter (Snowpark) Søknadssum kr 1.000.000,-. Godkjent, men avslag pga manglande midlar. (kan fornyast i 2019).

Anleggsnr 50599 (søknadsnr: 129110)  Snøproduksjonsanlegg Stordal Alpinsenter (Snowpark) Søknadssum kr 815.000,-. Godkjent, men avslag pga manglande midlar. (kan fornyast i 2019).

Anleggsnr 50603 Lysanlegg, oppgradering/nybygg (Stordal Alpinsenter) Søknadssum kr 450.000,- Avslag pga manglande avtale om rett til bruk av grunn med minimum 30 år manglar. (Etter det ein kjenner til er dokumentasjonen på slik avtale på plass no og dermed kan det søkjast om spelemidlar i 2019) 

Anleggsnr 35483 Rehabilitering av garderobar ved Stordal skule (symjebassenget) Søknadssum kr 1.453.000,-. Godkjent, men avslag pga manglande midlar. (kan fornyast i 2019)



Det er for tida ingen søknadar knytt til nærmiljøanlegg.

 

SPELEMIDLAR TIL SNØPRODUKSJONSANLEGGET:

Det er naturlegvis særs gledeleg å registere at Stordal Alpinsenter endeleg har motteke tilsegn knytt til etableringa av snøproduksjonsanlegg. Dette ikkje minst pga av dei store kostnadane som fyl med og det at ein har venta i - etter måten - lang tid. Det er grunn til å håpe på at ein i løpet av dei neste åra også vil kunne motta tilsegn på dei resterande søknadane der. At det kan ta lang tid før ein får tilsegn, kan varmestova ved Stordal Alpinsenter vere eit godt døme på. Det tok nøyaktig 10 år frå første søknad vart sendt inn, til tilsagn vart gjeve i 2015. Men vi har også døme på ventetida er betydeleg kortare. Det beste dømet på det er nok turvegen mellom Overøye og Langsætrane, der tilsagn kom same året som ein søkte. At vi må finne oss i ei viss ventetid (som i tilfellet med varmestova) skuldast nok også at vi her i kommunen har vore dyktige på å realisere planar knytta til å få anlegg på plass. Sett i høve til folketalet, er det nok få eller kanskje ingen som kan måle seg med dette. Nettopp Stordal Alpinsenter, med leiar Harry Tøsse, kan stå som eit godt døme på dette og Kristen Leganger sin innsats for å få turløyper på plass dei siste åra kjenner vi også godt og før den tid var han også med i byggjenemnda til Stordalshallen. Det er sjølvsagt også fleire som kunne vore nemnt, men lat desse to i alle fall vere gode dømer.


For ei rad andre tilskotsordningar, sjå eigen artikkel.

Mange var også med på eige tilskotskurs, hausten 2013.

Mange lag og organisasjonar i Stordal kommune er flinke til å søkje kulturmidlar kvart år. No står dessverre ikkje alltid midlane ein vert tildelt i høve til det arbeidet som vert lagt ned i søknaden og i alle fall ikkje i høve til aktivitetsnivået! MEN:Det kan då vere eit poeng å peike på at det arbeidet ein har lagt ned i høve søknadsprosessen for kulturmidlane, kan kome til nytte inn mot andre tilskotsordningar. Ein søknad som alt er utforma, vil fort kunne brukast også i andre samanhengar. Smart, ikkje sant?

Det er også ei anna spelemiddelordning, som er retta direkte inn mot innkjøp av utstyr. Den kan det også vere greit å kjenne til. Kvifor ikkje seie ja takk til slik støtte, når nytt utstyr skal på plass? Seinast i februar i år, hadde vi ein reportasje om dette og då knytt til at barneidrettsgruppa mottok kr 7.139,- i slik støtte.

MEN NÅR DET GJELD DETTE MED EVT SPELEMIDDELSØKNAD KNYTTA TIL ANLEGG FOR 2019, ER DET ALTSÅ EIT KRAV AT TILTAKET ER MED I HANDLINGSDELEN. SKAL EIN FÅ MED NYE TILTAK I DENNE, MÅ INNSPEL SENDAST INN, INNAN 1. OKTOBER 2018.

 

Skulle det vere noko de lurer på, knytta til spelemiddelordninga (evt anna) er det berre å kontakte oss!  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Almåssætra 2
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS