Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Spjelkavik Skolekorps med ny vellukka øvingshelg

Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 Hallgeir Hove

Denne helga var det Spjelkavik Skolekorps som besøkte oss og dei vel 20 musikantane som var med, fekk rikeleg med tid til å terpe på marsjering. I tillegg byr øvingshelgar som dette på mykje anna sosialt og kjekt og slik sett all grunn til å hevde at opplegget var vellukka.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.04.2019

Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - marsjtrening inne - Klikk for stort bildeSpjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - marsjtrening inne Hallgeir Hove Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved Joker Stordal - Klikk for stort bildeSpjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved Joker Stordal Hallgeir Hove Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved COOP Marked - Klikk for stort bildeSpjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved COOP Marked Fridgeir Walderhaug Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - dyktige foreldre og leiarar i sving på kjøkkenet - Klikk for stort bildeSpjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - dyktige foreldre og leiarar i sving på kjøkkenet Hallgeir Hove

Det var altså marsjering korpset hadde som hovudfokus denne helga og dei dyktige ungdomane marsjerte både på stadionområdet, inne i Stordalshallen og rundt om i sentrum av Stordal. Ekstra stas var det at dei besøkte både Joker Stordal og COOP Marked Stordal og spelte utanfor butikklokala. Butikkane svara med å dele ut gratis is til dei dyktige musikantane.

Stordalshallen var base for opphaldet og i tillegg til marsjeringa og øving elles, kunne dei bruke det meste av utstyret der. Teamtrack´n vart rigga opp og slakklina plassert ut. Dei spela badminton, minigolf, bordtennis og held på med mykje anna kjekt i tillegg.

Dyktige foreldre og leiarar sytte for at deltakarane gjekk frå det eine velsmakande måltidet, til det andre og på laurdagskvelden var det sjølvsagt taco. Prosjektor og storskjerm i grendasalen gjorde det mulig å sjå film der og den som ynskte å få med seg det som skjedde på TV, kunne sette seg i foajeen.

Spjelkavik Skolekorps tel mange, men denne helga var det ein del som var forhindra i å vere med. Men likevel var det over 20 born og unge med, totalt og etter tilbakemeldingane å dømme, hadde dei hatt det rett så kjekt saman denne helga. No kan folk i Ålesund berre gle seg til den 17. mai og til at Spjelkavik Skolekorps kjem marsjerande!

For fleire bilder frå øvingshelga, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Vi ynskjer lykke til med alle oppdrag framover og ynskjer den supre gjengen velkomen tilbake!

 

No er det, som nemnt, ikkje første gongen dette flotte korpset har besøkt oss. Her er nokre tidlegare reportasjar, for den som vil ta eit tilbakeblikk:

Stor øvingshelg for Spjelkavik Skolekorps (2010)

Spjelkavik Skolekorps på nytt besøk (2011)

..og om noko skulle vere i det minste tvil, så er det så å seie alt av skulekorps på Sunnmøre, som finn vegen hit til oss.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Levert av ACOS AS