Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stølsdag i Jøsvollbotn, søndag 27. august

Stølane i Jøsvollbotn - Klikk for stort bildeStølane i Jøsvollbotn Marit Holt Sund

Det ser ut til å bli ein rett så innhaldsrik dag i Jøsvollbotnen den 27. august, når Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn vel inviterer til stølssøndag. På plakaten står det både opning av gapahukar, historisk vandring, eventyrstund, loddsal og meir til.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.08.2017

Gapahukar frå H. Sund AS til Jøsvollbotn med helikopter aug 2017 - Klikk for stort bildeGapahukar frå H. Sund AS til Jøsvollbotn med helikopter aug 2017 H. Sund AS - gapahuk - Klikk for stort bildeH. Sund AS - gapahuk Hallgeir Hove

Tidlegare har det vore Mosætra Vel som har arrangert denne stølsdagen og etterkvart også slik at ein har veksla på dette og Langsæterdagane. Altså annakvart år. I fjor var det som kjent Langsæterdagar og dermed klart for Sætersøndag denne hausten. Det nye no er det altså at det blir Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn Vel, som tek over stafettpinnen og dermed kan vi gle oss til sætersøndag på den idylliske Jøsvollstølen denne gongen. For dei som evt ikkje har vore der enno, kan vi love at det å kome dit, blir ei oppleving i seg sjølv.

Men denne søndagen blir ganske så ekstra, for å seie det sånn, med eit rikhaldig program på plakaten. Det blir også sal av pølser, bålkaffe, saft, kaker og lefser og det på begge stølane (ved gapahukane). Det blir også loddsal. Bjørg ved biblioteket stiller opp med ei eventyrstund for borna og Kirsten Ludvigsen vil ta oss med på ei Historisk vandring på stølen  på Jøsvollsida, der ho vil fortelje frå tider som var. Skikkeleg spanande og kjekt, høyrest dette ut til å bli. Det er Marit Holt som er leiar i arrangementskomiteen, medan Harald Jøsvoll er leiar i laget.  

Ekstra stas blir det sjølvsagt at ikkje mindre enn to gapahukar skal offisielt opnast og vår ordførar, Eva Hove, vil få det travelt, i og med at desse er komne på plass på kvar si side av elva. Dermed blir det opning av gapahuken på Stavdalsida kl 11.00 og så på Jøsvollsida kl 12.30.

For at flest mulig skal kunne få med seg arrangementet, stiller også Stordal Billag opp og tilbyr skyss frå Stavåna til Josætra.

Sjå plakaten for fleire detaljar (PDF, 44 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Inste Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS