Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal IL gjer seg stadig bemerka!

Charles Tøsse mottek pokal, diplom og merke, frå NSF - Klikk for stort bildeCharles Tøsse mottek pokal, diplom og merke, frå NSF

Stordal IL vart stifta i 1918. Det er nøyaktig 100 år sidan det, og ikkje minst innan ski-idrettane har det driftuge laget gjort seg bemerka. Det kan vi i høgste grad slå fast har vore tilfelle også i moderne tid.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.06.2018

NSF sitt skiting 2018 - Klikk for stort bildeNSF sitt skiting 2018 Erika H Tøsse, nytt medlem av alpinkomiteen i NSF - Klikk for stort bildeErika H Tøsse, nytt medlem av alpinkomiteen i NSF Erika Holand Tøsse - Klikk for stort bildeErika Holand Tøsse Hallgeir Hove Norge si OL - tropp - Klikk for stort bildeNorge si OL - tropp

No skal ikkje dette bli ein ny, lang reportasje om dei mange enkeltståande prestasjonane til Martine, Vegard, Petter, Fien, Maja og mange, mange før dei. Og ikkje minst dei mange eldsjelene som står bak desse løparane. Dette har vi prøvd å dekke, etter beste evne tidlegare.

Men det vi har lyst til å rette fokus på akkurat her og no, midt i jubileumsåret, er at dette laget faktisk har hatt ein representant i NSF sitt skistyre dei siste åra og ikkje nok med det; under skitinget i Stavanger nyleg, fekk laget også inn eit medlem i alpinkomiteen i NSF.

Vi snakkar sjølvsagt om Charles og Erika. Kva dei har betydd for idrettslaget her generelt og for alpinidretten spesielt, kunne vi nok også skrive bok om, for å seie det sånn...

 

Under skitinget nyleg, var det Charles og Sverre Seeberg som var dirigentar. Sitat frå skikretsen si side: "Charles og Sverre Seeberg var Tingets Dirigenter, og ledet Skitinget gjennom Ting-forhandlingene på en utmerket måte"

Under det same skitinget mottok Charles Norges Skiforbund sin pokal. Denne kan tildelast enkeltpersonar som erkjentlighet for stor innsats for skiidretten. Vedkomande mottek samtidig NSF sitt diplom og jakkemerke i bronse.

Charles var også NSF-utsending til Paralympics i Pyeong Chang, sist vinter.

Så registerer vi også at det neste skitinget, som skal arrangerast i 2020, er det Møre og Romsdal og då nærare bestemt Ålesund, som får æra av å arrangere.  

Vi nyttar høve til å gratulere både Charles og Erika. Dette er umåteleg flott for såvel idrettslag som for kommune.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal i fugleperspektiv
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS