Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kommune sin kulturpris til Anna Margrethe Drægebø Moe

Anna Margrethe på plass for Mental Helse med eigen stand på Stordalscup 2019  - Klikk for stort bildeAnna Margrethe på plass for Mental Helse med eigen stand på Stordalscup 2019 Hallgeir Hove

Stordal kommune har sidan 1993 delt ut kulturpris annakvart år. Årets mottakar får denne takka vere sin store og vedvarande innsats mellom anna innan Stordal IL og Mental Helse Stordal og det er liten tvil om at ho fortener ein slik pris.

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.06.2019

Stordal IL 90 år! (2008) Vigdis, Charles og Anna Margrethe - Klikk for stort bildeStordal IL 90 år! (2008) Vigdis, Charles og Anna Margrethe Kjetil Tandstad Anna Margrethe på ein av mange turar med Mental Helse. Her på Ruggå i Valldal - Klikk for stort bildeAnna Margrethe på ein av mange turar med Mental Helse. Her på Ruggå i Valldal Mental Helse Stordal Stordal og Liabygda pensjonistlag 30 år (2008). Anna Margrethe vert heidra i lag med andre sentrale personar i laget - Klikk for stort bildeStordal og Liabygda pensjonistlag 30 år (2008). Anna Margrethe vert heidra i lag med andre sentrale personar i laget John Kristian Hjelle Norge Rundt i Stordalshallen (rundt 1997) - Anna Margrethe og Nelly - Klikk for stort bildeNorge Rundt i Stordalshallen (rundt 1997) - Anna Margrethe og Nelly

Anna Margrethe har lagt ned ein grundig og langvarig innsats på ulike område. Ikkje minst er det på sin plass å trekkje fram hennar arbeid for Stordal IL, både i form av aktiv drift, og etterkvart også i form av historisk dokumentasjon.  Anna Margrethe har faktisk vore leiar i laget i to periodar og då totalt i heile 8 år (1974-1976 og 1995 - 1999) . I samband med 90 årsjubileet var ho m.a. også sentral i arbeidet med å få laga til det flotte jubileumsskriftet som kom ut den gongen. I den første perioden ho var leiar for laget, sat ho også i styret for skisenteret på Overøye og i fleire år var det også Anna Margrethe som hadde ansvaret for billetteringa der. Den gongen gjekk all billetteringa forøvrig føre seg utandørs.

Ho har også hatt eit stort engasjement i organisasjonen Mental Helse - eit arbeid som har fått nasjonal merksemd. Lokallaget i Stordal er det største og mest aktive lokallaget i Møre og Romsdal og både ho sjølv og laget har motteke utmerkingar for alt dei har utretta. (Sjå meir om innsatsen hennar for Mental Helse, i våre tidlegare reportasjar. Lenker nedanfor)

Sjølv om det er innan idrettslaget og Mental Helse Anna Margrethe nok har engasjert seg aller mest, er ho med og bidreg også i mange andre samanhengar. For dei hundrevis som er med på sykkeltrimmen kvart år, så veit dei at Anna Margrethe står klar til å ta imot, i lag med resten av den driftuge gjengen der. Då vartar dei opp med både nysteikte sveler og anna godt. Tombola høyrer også med. At Anna Margrethe er ein viktig bidragsytar inn mot dette grendahuset visast til fulle ved at det også er ho som er leiar. Når vi er inne på sykkeltrimmen, som vart gjennomført for 44. gong i år, var det faktisk Anna Margrethe som starta opp denne og. 

I 2018 kunne Stordal og Liabygda pensjonistlag ferie flott 40 årsjubileum, men det er kanskje ikkje alle som er klar over at Anna Margrethe var sentral også i samband med etableringa av dette driftuge laget i 1978.

Ein del hugsar kanskje også at Anna Margrethe og Nelly Tøsse, var hovudpersonar då Norge Rundt laga reportasje frå klatreveggen i Stordalshallen då denne stod flunkande ny for vel 20 år sidan. Opp gjennom åra har Anna Margrethe mange ein gong også stilt opp for å sikre i klatreveggen og i seinare tid har ho også hatt nettopp klatring som eit tilbod innan Mental Helse.

Dei er ikkje få reportasjar som dukkar opp, om vi søkjer på namnet hennar i vårt nyhendearkiv. Her, tek vi med nokre av dei:

Pensjonistlaget 30 år (april 2008)

Vel fortent pris (april 2012)

Mental Helse Stordal har den beste heimesida (februar 2013)

Kjekt lokallagstreff (august 2013) 

Mental Helse med 10 årsjubileum (november 2016) I denne reportasjen finn ein ei rad lenker til andre reportasjar i tillegg.

God deltaking trass noko surt ver (mai 2019)

Her finn du det flotte historiske heftet utgitt i samband med at Stordal IL feira 90 årsjubileum i 2008 (PDF, 5 MB)

Sjå gjerne meir om Stordal kommune sin kulturpris, m.a. kven som har motteke denne tidlegare år

For tida er Anna Margrethe, som nemnt, også særs sentral i arbeidet med å skrive historia om hundreåringen Stordal IL, men likevel aktiv i arbeidet innan Mental Helse, både lokalt, regionalt og nasjonalt (nasjonalt sit ho i Kurs- og opplæringsutvalet og er elles også utsending frå Møre og Romsdal til Landsmøtet) . Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse i september - her i Stordal - er berre noko av alt det ho jobbar med og då har dei like godt fiksa det slik at vi får besøk av Per Christian Ellefsen!

 

At Anna Margrethe Drægebø Moe verkeleg er ein kulturpris verdig, er det liten tvil om!

 

Vi gratulerer!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Frå Storheimshornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS