Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Storfjord NTN Taekwondo-klubb med ny vellukka treningssamling

Treninssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 - Klikk for stort bildeTreninssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 Hallgeir Hove

Denne helga var det taekwon-do utøvarane som inntok Stordalshallen. Det var Storfjord NTN Taekwondo-klubb som køyrde treningshelg og denne gongen også med innlagt sparringsseminar på laurdagen. Det var Fernando Perez Rønneberg 4. Dan i svart belte, som instruktør.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.02.2019

Treningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 - Klikk for stort bildeTreningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 Hallgeir Hove Treningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 - Klikk for stort bildeTreningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 Ålesund NTN Taekwon-do Klubb Treningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 - Klikk for stort bildeTreningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 Hallgeir Hove Treningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 - Klikk for stort bildeTreningssamling Storfjord Taekwon do - klubb, februar 2019 Hallgeir Hove

Vi har skrive mange reportasjar om NTN Storfjord Taekwondo-klubb og det er stas å registrere den vaksande interessa for denne flotte idretten, også i vårt nærområde. Klubben her i indre fjordstrok, gjer seg også bemerka med gode resultat i mesterskap rundt om. Seinast under Midt-Norsk Mesterskap nyleg, der m.a. Jitte Eisma tok sølv i mønster for senior, raudt belte og der Emilie Falch tok sølv i mønster for eldre junior raudt belte og Yasmin Øcalan tok sølv i sparring for eldre junior, raudt belte og i tillegg bronse i mønster.

Men denne helga var dei altså på plass i Stordalshallen og i tillegg til treningsamlinga som pågjekk frå fredag kveld og til langt ut på søndag ettermiddag, var det også sparringsseminar på programmet der altså Fernando Perez Rønneberg 4. Dan i svart belte, var instruktør. Fernando er naturleg nok sentral i den flotte taekwondo-klubben, med adresse Valldal. Eilif Falch er primus motor her i Stordal og også han aktiv utøvar. I november i fjor, tok han også svart belte. Storfjord NTN Taekwon-do klubb har treningar kvar måndag i Stordalshallen og elles i veka i Valldal.

Mykje av organiseringa av treningssamlinga hadde dei unge medlemmane i klubben fått ansvaret for og det såg ut til å fungere veldig bra. I tillegg til all treninga, var det naturlegvis også matservering og arrangørane hadde også laga til med kiosk på kjøkkenet. Sosialt samvær og frileik høyrer også med.

Totalt var det nærare 40 deltakarar på samlinga, der dei fleste kom frå Ålesund, men også Giske, Haram og Molde var representert.

Sjå fleire bilder frå samlinga i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå filmsnutt frå samlinga her, lagt ut av Ålesund Taekwon-Do Klubb

Sjå reportasjane frå tidlegare taekwon do - samlingar i Stordalshallen

Fyl gjerne Storfjord NTN Taekwondo-klubb på facebook

Flotte prestasjonar under Midt-Norsk Mesterskap nyleg

Fyl gjerne Ålesund NTN Taekwon-do Klubb på facebook

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS