Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Strålande 17. mai!

17. mai 2019 - toget i Stordal  - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - toget i Stordal Hallgeir Hove

Det vart ei flott feiring av nasjonaldagen vår, både på Dyrkorn og i Stordal. Det nydelege veret og ein super innsats frå Dyrkorn vel og grenda Hovslia gjer at vi kan sjå tilbake på dagen med stor glede.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.05.2019

17. mai 2019 - tog Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - tog Dyrkorn Bjørn Busengdal 17. mai 2019 - korpsa spelar ved Stordalstunet - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - korpsa spelar ved Stordalstunet Hallgeir Hove 17. mai 2019 - Claus og Bjørnar - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - Claus og Bjørnar Hallgeir Hove 17. mai 2019 - kjekke leikar på Kirkebø Stadion - Klikk for stort bilde17. mai 2019 - kjekke leikar på Kirkebø Stadion Hallgeir Hove

På Dyrkorn var det, som vanleg, velforeninga som stod bak arrangementet og det gode veret bidrog naturlegvis til at det vart ein ekstra flott dag med ei fin feiring. Toget gjekk frå grendahuset og til Bakkeplassen og også her med korpsmusikantar som ein viktig ingrediens. Sjølv om vi har nemnt det før, gjentek vi gjerne at det knapt nok finnast nokon annan stad, som kan ein vise til ei så flott utsikt frå 17. mai-toget som det ein kan på Dyrkorn. Servering av gryterett, pølser, is og kake ved grendahuset, høyrer alltid med og sjølvsagt kjekke leikar for både små og store.

I Stordal starta toget frå sentrum kl 10.45 og som alltid, etter tre flotte saluttar frå Kjell Magne Moe borte på "Dagmarvegen". Tradisjonen tru også med ordførar Eva Hove og bunadskledde flaggberar i front. Toget svinga som vanleg også innom Stordalstunet, der det vart spela og sunge for bebuarane, før ferda gjekk vidare til Stordal bygdetun. Der framme var det Claus Hoff som ynskte velkomen, på vegne av grenda Hovslia. Det er Hovslia sin tur til å arrangere Årsfest i 2020 og grenda har då også - slik tradisjonen er blitt - ansvaret for gjennomføringa av den offisielle delen av nasjonaldagsfeiringa, året i førevegen.

At ein - ikkje minst på ein dag som denne - vert minna på kor heldige vi er som har Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, er det liten tvil om. Dette passa også programleiar Hoff på å slå fast, før han ga ordet til Bjørnar Midtbust, som heldt ein innhaldsrik og flott tale for dagen.

Det var mykje folk samla i dei vakre omgivelsane ved bygdetunet og elevar frå Stordal skule stod for sal av is, brus, kaker og kaffe.

Etter at programmet ved bygdetunet var over, var det klart for preike v/Øystein Braaten i Rosekyrkja og også der var korpsmusikantane, som alltid, med og bidrog. Når vi i tillegg gjentek at fleire av dei også spela på Dyrkorn og i tillegg også underheldt utover kvelden ved Nilsgardstunet (som Stordal pub-blåsarlag), blir ikkje dette mindre imponerande.

På ettermiddagen heldt programmet fram på Kirkebø Stadion og i Stordalshallen. Arrangørane hadde mange leikar og konkurransar, som var kjekke å vere med på for både små og store. I Stordalshallen var det laga til kafesal og det var også eit eige lotteri, begge deler i regi av skulekorpset. Ein flott tradisjon på 17. mai, er det også at Stordal Barnekor er med og underheldt. Denne gongen frå scena i grendasalen. Der fekk vi også høyre flott pianospeling av Fride Sylte Hove og Susanna Marie Tafjord. Tradisjonen tru, hadde elevane ved Stordal skule også laga flotte teikningar, som pryda vindauga, både i symjehallen og på framsida av skulen.

Vi avrundar slik vi innleia, nemleg med å gje all honnør til arrangørane av årets 17. maifeiring. Ja, sjølvsagt også til alle dei som - også elles - i større eller mindre grad var med og bidrog til at dagen vart så flott som den vart!

Her kan du sjå glimt frå toget på Dyrkorn (filmsnutt frå Bjørn Busengdal)

..og her gjer korpsmusikantane seg klare til å spele i Rosekyrkja (filmsnutt frå Bjørn Busengdal)

Vi har også samla ein del bilder frå feiringa i Stordal og på Dyrkorn (takk til Hilde Dyrkorn for dei frå Dyrkorn), i eit eige galleri på facebooksida til Barnas kommune

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, der vi også tek tilbakeblikk på tidlegare års feiringar.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

blåfjord
blåfjord
Levert av ACOS AS