Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Strålande lokalmønstring!

Lokalmønstring UKM 2018 - Alle på scena - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - Alle på scena Hallgeir Hove

10. klasse ved Stordal skule, kan definitivt vere fornøgde med innsatsen, etter at ei ny suveren lokalmønstring er gjennomført. Prikkfri gjennomføring frå A til Å og publikum kunne verkeleg også glede seg over alt det flotte dei om lag 30 deltakarane hadde å by på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.02.2018

Lokalmønstring UKM 2018 - Jårångarane - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - Jårångarane Hallgeir Hove Lokalmønstring UKM 2018 - Sanne De Vrieze med to flotte teikningar - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - Sanne De Vrieze med to flotte teikningar Hallgeir Hove Lokalmønstring UKM 2018 - Maria H Tøsse, Sølvi Lill Seljebotn og Tore Nerhus var jury - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - Maria H Tøsse, Sølvi Lill Seljebotn og Tore Nerhus var jury Hallgeir Hove Lokalmønstring UKM 2018 - publikum - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - publikum Hallgeir Hove

Dei siste førebuingane til lokalmønstringa starta alt på fredagskvelden, då idrettshallen i løpet av 3,5 timar med mykje godt arbeid, vart omgjort til konsertsal. Parkettgolv vart dekka til, stolar og bord sett ut, scene og trosserigg kom på plass, likeeins storskjerm og projektor. Klargjering av kunstutstilling høyrer også med. I det store og det heile ein ganske så omfattande jobb, som elevar og foreldre i 10. klasse utførte på glimrande vis.

I tillegg hadde klassa fått samla inn mange flotte gåvepremiar frå lokalt næringsliv, som som alltid stiller velvillig opp, dei har vore aktive i markedsføringa av arrangementet og ikkje minst også jobba godt for å få så god deltaking som mulig.

Når vi så ser på sluttresultatet, kan ein med rette ta av seg hatten for det heile. Elevane stilte naturlegvis med eigne programleiarar og dette fiksa Herdis Kamp og Sinne Eisma på utmerka vis. (no var Sinne innhenta frå klassa under og fortener naturlegvis ekstra skryt for det). Det var også elevane sjølve som styrte med det audiovisuelle, laga til kunstutstilling osv. Med god hjelp av foreldra vart det også stort og flott kakebord, eige lotteri og meire til, som samla sett nok også vart flotte bidrag inn i reisekassa til klasseturen dei skal ha til London.

God deltaking, som vanleg

I og med at Norddal kommune ikkje skulle ha eiga mønstring, var det lagt opp til at deltakarar derifrå kunne vere med her i Stordal. I tillegg er det også slik at ungdom frå andre kommunar har høve til å melde seg på, kvar dei måtte ynskje det, og dette gjorde at vi verkeleg fekk god geografisk spredning denne gongen. Dette var skikkeleg stas og her presenterer vi ei oversikt over dei flotte deltakarane:

Sinne Eisma - både programleiar og scene (Stordal)
Andreas Stavseng - scene (Stordal)
Cato Falch - scene (Stordal)
Remy Nyli - scene (Stordal)
Herdis Kamp - både som programleiar, scene og kunst (Stordal)
Fride Hove - scene (Stordal)
Susanna Marie Tafjord - scene (Stordal)
Laurent Mupenda - film (Stordal)
Martin Stavseng - film (Stordal)
Rolf Vikene - film (Stordal)
Sondre Hovde - film (Stordal)
Josef Nedregård - scene (Stordal)
Anna Sofie Moe - scene (Stordal)
Kristine Ulvestad - scene (Stordal)
Sanne De Vrieze - kunst (Stordal)
Tieme Eisma - kunst (Stordal)
Andy Falch - kunst (Stordal)
Nora Holtleite - kunst (Stordal)
Kyle Nyli  - kunst(Stordal)
Isak Tafjord - kunst (Stordal)
Johanna Olsen - kunst (Valldal)
Amanda Fjellstad Vikstrand - scene (Eidsdal)
Jennifer Deleon - scene (Geiranger)
Julie Muren Mjelva - scene (Geiranger)
Lisa Muren Mjelva - scene (Geiranger)
Maren Frøysa Os - scene (Geiranger)
Ragnhild Grande - scene (Geiranger)
Erland Mathisen - scene (Stranda)
Anna Lilja Sæland - kunst (Ørskog)

I tillegg til at dette vitnar om ei særs god deltaking, kanskje nok ein gong høgast i landet (sett i høve til folketal), var det skikkeleg imponerande det som vart vist fram.

Slik sett hadde nok heller ikkje juryen nokon enkel jobb, når dei skulle vurdere kven dei ville skulle gå vidare til fylkesfestivalen. Ein fylkesfestival som forøvrig også skal arrangerast her i Stordal, dette året!

I juryen sat fyljande dugande fagdommarar: Maria Holand Tøsse, Sølvi Lill Seljebotn og Tore Nerhus.

Utan skikkeleg lyd og lys, vert det inga vellukka lokalmønstring og også denne gongen kan vi slå fast at Lasse Døving er det perfekte val i så måte. Med seg som assistent, hadde han Roger Alne og elevane bidrog i arbeidet med å få utstyret på plass.

Både jury, lydmann og samtlege deltakarar vart kalla fram på scena til slutt og fekk sin vel fortjente applaus frå publikum. Alle deltakarane fekk i tillegg ein eigen Helland-pose med masse deltakargåver i og så vanka det naturlegvis både blomster, samt t-skjorte og "buff" frå Stordalshallen, til medlemmane i juryen.

I vårt bildegalleri på Stordalshallen si facebookside, har vi bilder av heile gjengen, samt mange andre kjekke bilder frå det supre arrangementet.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for mykje meir om UKM i Stordal kommune

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS