Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Super stølsdag i Jøsvollbotn!

Opning av gapahuken på Jøsvollsida av stølen - Klikk for stort bildeOpning av gapahuken på Jøsvollsida av stølen Bjørnar Midbust

Søndag 27. august var det stølsdag på Botnastølen og med fullklaff vermessig og eit rikhaldig og flott program, vart dette verkeleg ein super stølssøndag. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.09.2017

Stølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - opning av gapahuken på Stavdalssida - Klikk for stort bildeStølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - opning av gapahuken på Stavdalssida Bjørnar Midbust Stølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - ordføraren har med gåve frå kommunen - Klikk for stort bildeStølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - ordføraren har med gåve frå kommunen Bjørnar Midbust Stølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - det er Hermod Sund som har laga dei flotte gapahukane - Klikk for stort bildeStølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - det er Hermod Sund som har laga dei flotte gapahukane Bjørnar Midbust Stølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - utsyn over den vakre stølen. Her på Stavdalssida - Klikk for stort bildeStølssøndag i Jøsvollbotn, 27. aug 2017 - utsyn over den vakre stølen. Her på Stavdalssida Bjørnar Midbust

Det var Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn Vel , som inviterte til stølsdag denne gongen og førte dermed også vidare stølsdagstradisjonen etter nokre flotte arrangement på Mosætra dei siste åra. Når ein i tillegg veit at Langsæterdagane har eksistert endå lengre, ja så er det all grunn til å verte imponert over alt dette, der vi er så heldige å få vite meir om korleis livet arta seg på stølane våra då det var full sæterdrift der. Det er også kjekt å registrere det nære og gode samarbeidet mellom alle desse arrangørane, slik ein  m.a. kan rullere på det heile, frå år til år. 

Ordførar Eva Hove, var på plass i samband med arrangementet og ho fekk æra av å opne to flunkande nye gapahukar. Ho nytta høve til også å rose grunneigarane for den tilrettelegginga dei har stått for. "Grunneigarane har på prisverdig måte no lagt til rette for at fleire skal bruke og finne seg til rette i dette vakre stølsmiljøet. Ved å bygge og plassere ut gapahukar, syner grunneigarane at alle skal vere velkomne hit", som ho sjølv skriv på sida si. Med seg hadde ordføraren ein stor kaffekjel til bålpanne, som ho overrekte til Harald Jøsvoll, leiar for velforeninga.

Det er Hermod Sund som har vore byggmeister for dei to gapahukane og dei vart frakta til fjells med helikopter, berre få dagar før arrangementet. 

Stølsdagen baud på m.a. både servering, stølsvandring, lotteri og eventyrstund. Mange hadde funne vegen til Jøsvollbotn denne søndagen og den som nok imponerte mest i så måte, var Rannveig Larsen på heile 92 år. Ho har vakse opp på Stavdal, ein av gardane som hadde sæter i Jøsvollbotn.

Vi nyttar høve til å gratulere Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn vel med den supre stølssøndagen!

Her kan du sjå meir om tidlegare stølssøndagar

..og her, meir om Langsæterdagane

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Utsikt frå Mohornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS