Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Suveren gjeng frå Vestlandshus på besøk!

Vestlandshus AS - 14. september 2019 - Klikk for stort bildeVestlandshus AS - 14. september 2019 Hallgeir Hove

Laurdag den 14. september var vi så heldige å få besøk av ei suveren gruppe med tilsette frå Vestlandshus. Økta i Stordalshallen, inngjekk som ein del av eit opplegg der turen gjekk vidare til Blåtind, etter at dei tre timane hjå oss var unnagjort. Deltakarane imponerte både på skytebana, i klatreveggen, på konkurransetrampolina og det dei elles var med på. Ikkje minst imponerte dei i tillegg også med tanke på kor hyggelege dei var.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.09.2019

Vestlandshus AS - 14. september 2019 - Klikk for stort bildeVestlandshus AS - 14. september 2019 Hallgeir Hove Vestlandshus AS - 14. september 2019 - Klikk for stort bildeVestlandshus AS - 14. september 2019 Hallgeir Hove Vestlandshus AS - 14. september 2019 - Klikk for stort bildeVestlandshus AS - 14. september 2019 Hallgeir Hove Vestlandshus AS - 14. september 2019 - Klikk for stort bildeVestlandshus AS - 14. september 2019 Hallgeir Hove

Stordalingen Lars Erik Vinje er dagleg leiar ved Vestlandshus. For alle oss her omkring, veit vi kva ferdigheiter han innehar, når det gjeld trampolinehopping. Slik sett var det også heilt naturleg - og ikkje minst kjempeflott - at han tok seg av instruksjonen på trampolina. I tillegg fekk vi også sjå ein del luftige svev av godt gammalt merke frå han.

I klatreveggen var både Eli Søvik og Kjell Mulelid på plass og det var imponerande å sjå kor dyktige deltakarane var til å bestige den 9 meter høge veggen og slå handflata i taket. Det var også fleire som aldri hadde prøvd seg i ein klatrevegg før, utan at det sette nokon stoppar for at også dei kom seg langt opp i veggen. Imponerande.

På skytebana var det Lars Johan Nygård som instruerte og også der var det topp stemning og ikkje minst veldig god skyting.

I tillegg til skytinga, inngjekk også minigolf, presisjonskasting av erterposar og ein "stordals-quiz" i ein eigen konkurranse fire grupper seg imellom. Kva gruppe som gjekk av med sigeren ville bli avslørt på Blåtind, og tek vi ikkje feil var det ganske så jamnt mellom dei og ikkje godt å vite kven som stakk av med sigeren.

Før turen gjekk vidare til Blåtind vanka det velfortent applaus til dei dugande instruktørane og det er ikkje til å legge skjul på at den applausen også gjekk til deltakarane sjølve. Makan til flott gjeng, skal ein leite lenge etter.

Ein heilaften på Blåtind med nydeleg mat og med Christine og Ole som vertskap, var det som venta gruppa når turen gjekk vidare frå Stordalshallen. Etter tilbakemeldingane vi har fått, var det ein rett så fornøgd gjeng som returnerte til Ålesund dagen etter.

 

Vi nyttar høve til å takke den supre gjengen for besøket!

 

For fleire bilder frå opplegget i Stordalshallen, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Åmodt Moe
Gapahuk Mosætra okt 2013
Tora Åmodt Moe
Levert av ACOS AS