Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Terningkast seks!

Årsfest 2018 - Alle på scena - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - Alle på scena Hallgeir Hove

Etter å har fått delta på den 21. Årsfesten for Stordalshallen på laurdag, er det vanskeleg å finne superlativ gode nok til å beskrive det heile. Vinjegrenda har imponert oss tidlegare og det er liten tvil om at også årets fest verkeleg fortjener høgaste terningkast.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.02.2018

Årsfest 2018 - Helga Øvrebust og ordførar Eva Hove - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - Helga Øvrebust og ordførar Eva Hove Hallgeir Hove Årsfest 2018 - Pjusk - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - Pjusk Hallgeir Hove Årsfest 2018 - Fornying av sertifikat - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - Fornying av sertifikat Hallgeir Hove Årsfest 2018 - publikum - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - publikum Hallgeir Hove

Dørene opna kl 18.30 og det vart - ikkje overraskande - fort tydeleg at dette var ein fest mange ville ha med seg. Når leiaren i hovudkomitten, Ester Vinje Nilsen, ynskte velkomen - på slaget 19.30 - var alt av stolar og bord fullsett av forventningsfulle publikummarar inne i idrettshallen.
 

Utdeling av kulturpris
Før sjølve revyen starta frå scena, var det høgtidleg overrekking av Stordal kommune sin kulturpris for 2017 og Ester ga difor ordet til ordførar Eva Hove. Prisvinnaren denne gongen, var Stordal IL og kva passa vel betre enn å dele ut kulturpris til dette suverene laget nettopp i år? SIL vart stifta i 1918 og feirar dermed 100-årsjubileum. Det vanka naturlegvis mange lovord frå ordføren der den store betydninga laget har hatt i lokalsamfunnet vårt, vart trekt fram. Leiaren i laget, Helga Øvrebust, mottok diplom, sjekk på kr 5.000, samt blomster og takka på vegne av heile laget. Ho nytta også høve til å fortelje festlyden om at laget var i full gong med å samle saman stoff til ei eiga jubileumsbok og at alle måtte merke seg at det vert stor jubileumsfest i Stordalshallen, laurdag 27. oktober. For meir om tildelinga av kulturprisen, viser vi til eigen reportasje.

 

Fantastisk flott program!
For mange er naturlegvis det som skjer på scena det store høgdepunktet, på desse festane og grenda hadde verkeleg sett saman eit flott program, der dei veksla mellom å framføre innslag frå scena og å vise fram innslag dei hadde laga på førehand. Gjerne også slik at det kunne starte med filmopptak frå tidlegare, som intro til det vi skulle få presentert på scena. Skikkeleg profft var det og også veldig humoristisk naturlegvis. Grenda starta det heile med ein hyllest til 100-årsjubilanten Stordal IL, der unge og vaksne stod for flott song og ein stilfull presentasjon av dei mange idrettane innan laget. Flott song fekk vi også av Julie Olsen Almås, akkompagnert av Robin Aasen. No skal vi naturlegvis vere varsom med å trekkje fram enkeltpersonar, då store arrangement som dette, i høgste grad er avhengig av heile laget. Men likevel er det nok sikkert rett å hevde at nettopp den godaste Robin, fortener ekstra ros for den jobben han la ned også i forkant av festen. Elles er det slik at han - og fleire med han naturlegvis - i det eine øyeblikket står på scena og i det neste, serverer middag eller sel drikkvarer i baren.

Så er det naturlegvis også stas å registrere kor mange det er som stiller opp for at programmet skal bli best mulig, frå den yngre garde og til dei som ha passert 90. Til dømes innslaget med Vinje Pensjonistlag, som held bygda trygg, var verkeleg fornøyeleg og var eitt av mange som godt kunne blitt vist på riksdekkjande fjernsynskanalar.
 

Nydeleg mat!
Grenda hadde også valgt å lage maten heilt på eiga hand og då i høgste grad med fokus på kortreiste delikatesser. Det var nemleg m.a. kjøt frå Nørdalen, nærare bestemt frå utsalet til Centine og Sander van Zwieten som var valgt og når ein lagar sosakjøt til 400 personar, må ein starte fleire dagar i førevegen. I tillegg til Leif Rune Vinje, som også var den som ynskte velkomen til bords, bestod meisterkokkane av fyljande personar: Hilde Nilsen, Marie Kirkebøe og Frank Olsen. Frå grendasalen vart maten kjapt og effektivt servert, takka vere god organisering og mange dugande medhjelparar. Ja, til og med nydeleg fromasj til dessert, kunne arrangørane by på.


Ørskog videoklubb!
Også denne gongen stilte Ørskog videoklubb opp og bidrog til at dei som sat lengst bake i idrettshallen, kunne få med seg det som skjedde på scena, via storskjerm. Filmopptaka dei gjorde, gjer det også mulig å få laga til ein eigen DVD og dermed få teke vare på dette for ettertida. Vi veit at det var ekstra utfordrande for videoklubben denne gongen og difor på sin plass å rette ei stor takk for innsatsen. Vi er også særs takksame for den jobben klubben har utretta i samband med tidlegare årsfestar.


Makelaus lyd!
Ein annan som er blitt "fast inventar" i Stordalshallen, er Lasse Døving og nok ein gong fortener han skryt for å levere så god lyd som han gjer. Når vi tek med at han også var på plass sist helg, då i samband med lokalmønstringa av UKM, er det ikkje få timar han har tilbrakt i Stordal dei to siste vekene, noko vi sjølvsagt er veldig glade for.
 

God dansemusikk!
Heller ikkje gruppa Cozy er nye gjestar her hjå oss og det er nok ikkje tilfeldig. Det var stor stemning og god aktivitet på dansegolvet heilt frå programslutt og fram til festen var over.  


Vipps, terminalar og projektor
Nytt av året, var at det også var mulig å nytte Vipps, som betalingsform og dette kombinert med fleire bankterminaler gjorde at det aldri vart dei heilt store køene verken ved inngongen, eller i baren. Så gler vi oss også over at kvaliteten på den nye projektoren Stordalshallen har kjøpt inn, bidrog til at det var veldig bra å sjå det som vart synt fram på storskjermen.
 

Stor takk!
Hovudkomiteen for Årsfesten 2018 bestod av: Ester Vinje Nilsen, Leif Rune Vinje, Jill-Mari Almås, Runar Helland og Ragnhild Flåen. Vi nyttar høvet til å gratulere både dei og dei mange andre som var med og bidrog til denne fantastisk flotte festen.

...og ikkje minst; tusen, tusen takk!

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, for mykje meir om tidlegare årsfestar - ikkje minst grenda Vinje sin flotte fest også i 2011

Vi har også laga eit bildegalleri med over 300 bilder frå Årsfesten og dette finn du på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS