Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Tom Henning Øvrebø til Stordalscup!

Tom Henning Øvrebø har ei flott karriere bak seg på fotballbana - Klikk for stort bildeTom Henning Øvrebø har ei flott karriere bak seg på fotballbana

Stordalscup vert i år arrangert for 38. året på rad og opp gjennom åra er det mange kjente fotballpersonlegheiter, som har besøkt oss. Både John Arne Riise, Åge Hareide, Jonathan Parr og sjølvsagt mange, mange fleire med dei. I år har vi den store gleda av å kunne avsløre at ein av dei største dommarane vi har hatt i Norge, har sagt ja til å delta. Vi snakkar då om Tom Henning Øvrebø og det er litt av ei merittliste han kan sjå tilbake på.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.06.2018

Stordsalsdamene toppar tabellen i 4. divisjon!  - Klikk for stort bildeStordsalsdamene toppar tabellen i 4. divisjon! Hallgeir Hove Stordal IL sitt superveteranlag hevdar seg godt i selskap med dei beste - Klikk for stort bildeStordal IL sitt superveteranlag hevdar seg godt i selskap med dei beste Magne Tøsse (lengst til høgre) har også ei flott dommarkarriere å sjå tilbake på - Klikk for stort bildeMagne Tøsse (lengst til høgre) har også ei flott dommarkarriere å sjå tilbake på Opp gjennom åra er det mange storheiter, som har vore med på Stordalscup. Her erJohn Arne Riise i aksjon - Klikk for stort bildeOpp gjennom åra er det mange storheiter, som har vore med på Stordalscup. Her erJohn Arne Riise i aksjon

Øvrebø starta som dommer tidleg på 80-tallet. Han har fått Kniksen-prisen som årets dommer i Norge, kåra av spelarane, trenarane og dommarane, heile fem gongar! (2001, 2002, 2003, 2005 og 2006). Øvrebø har vore FIFA-dommar sidan 1994. Øvrebø er tidlegare UEFA elitedommar, som er dei høgast rangerte dommarane i Europa.

Tom Henning Øvrebø har dømt to cupfinalar; I 1999 mellom Rosenborg og Brann og cupfinalen mellom Fredrikstad og Sandefjord 12. november 2006.

Øvrebø har i tillegg dømt mange internasjonale kamper, blant anna:

  • To kamper i fotball-EM 2008 (Tyskland-Polen og Italia-Romania)
  • Fleire EM- og VM-kvalifiseringskamper
  • To semifinalar i UEFA-cupen
  • To kvartfinalar i Mesterligaen
  • Semifinale i Mesterligaen

 

Dømmer i oppvisningskampen

Tom Henning har sagt ja til å dømme kampen mellom Stordal IL sitt gode damelag, som toppar tabellen i 4. divisjon, og superveteranlaget (50+) som kvart år deltek på NM i innandørsfotball i Lærdal. Gamlekarane kan m.a. vise til å ha spela seg heilt fram til finalen, ved fleire høve også dei siste åra og i 2002 gjekk Stordal som kjent heilt til topps i denne turneringa, som samlar dei beste laga i Norge, samt gode lag som Liverpool, Manchester United, Lyngby, med brødrene Laudrup på laget, for å ha nemnt litt. Stordal slo også Manchester United, med m.a. Andy Cole på laget, 5-3 for nokre år tilbake. Vidare har dei slått ut Strømmen i semifinalen to år på rad, der også Frode Grodås altså måtte finne seg i å plukke fleire ballar ut av nettet, enn det Stordalslaget gjorde. Vi nemner også ein kamp der Viking, med Erik Thorstvedt i mål måtte sjå seg slått med heile 4-0!

På laurdag møtast to lag, som langt på veg spelar etter same filosofi, nemleg denne: «Football is a simple game based on the giving and taking of passes, of controlling the ball and of making yourself available to receive a pass. It is terribly simple» (sitat: Bill Shankly, legendarisk manager i Liverpool)

Så står det att å sjå kven som kjem til å lukkast best med dette på laurdag. Moro blir det uansett og ekstra stas naturlegvis med Øvrebø på plass til å leie kampen.

 

Magne Tøsse også med

Oppvisningskampen er sjølvsagt ein ellevarkamp og med seg til å halde styr på dei to laga, har Øvrebø sin gode ven og dommarkollega, Magne Tøsse. Tøsse, som naturlegvis, står i Stordal IL, har sjølv ei lang og flott karriere bak seg som dommar. I 2001 vart han utteken til FIFA-dommar, dette var same året som han også vart teken ut til å gå på linja i cupfinalen. I byrjinga var det nokre U17-, U19- og Intertoto-kampar, men allereie andre sesongen fekk han dømme ein kamp i Champions League. Då var dei faktisk heile tre dommartrioar frå Norge ute i Europa samstundes. Det var Rune Pedersen som var dommar, og kampen var Boavista mot Borussia Dortmund. Tre veker etter den kampen var Tøsse med og dømte Valencia mot Legia Warzawa i UEFA-cupen, då med nettopp Tom Henning Øvrebø som dommar.

Seinare vart det m.a. landskampar og VM-kvalifiseringskampar, som mellom Luxenbourg og Russland. Høgdepunktet var sjølvsagt Champions League-kampen mellom Boavista og Borussia Dortmund, kampen mellom Valencia og Legia Warzawa og sjølvsagt kampen mellom Tottenham og Slavia Praha på White Hart Lane.

Sjå gjerne tilbake på eit kjekt intervju John Kristian Hjelle i Storfjordnytt, hadde med Magne i 2006

 

Det er på laurdagen det skjer

Kampen blir det siste som skjer ute på kunstgraset på cup-laurdagen og den startar umiddelbart etter at siste kamp for dei aldersbestemte laga er unnagjort. Dette blir rundt kl 15.45, om vi klarer å halde tidsskjemaet – og det brukar vi klare ganske så greit.

Vi håper sjølvsagt at det er mange som har lyst til å få med seg denne kampen, som vi trur kan by på mykje bra spel. Samtidig er det sjølvsagt også kjekt at vi på den måten får gjort ekstra stas på desse to sympatiske FIFA-dommarane.  

 

Kirkebø Stadion, laurdag 16. juni (ca) kl 15.45 folkens!

 

Stordalscup si heimeside

Stordalscup på facebook

Fleire reportasjar om Stordalscup (m.a. tusenvis av bilder)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Hovsstranda frå Småbåthamna
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS