Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Trenings- og øvingstidene etter nyttår

Taekwon do - gruppa har hatt faste øvingar på måndag ettermiddag.  - Klikk for stort bildeTaekwon do - gruppa har hatt faste øvingar på måndag ettermiddag. Eilif Falch

Eit nytt år er snart omme og vi må få fordelt trenings- og øvingstidene, slik alt er klart til vi startar opp 2019 om kun fire veker. Normalt er det ikkje dei heilt store endringane frå dei tidene som gjaldt for hausten 2018, men enkelte blir det. Ber difor om at alle som ynskjer fast trenings- og/eller øvingstid i Stordalshallen frå nyttår av, søkjer om dette innan søndag 16. desember.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.12.2018

Som tidlegare år, er det behov for å gjere nokre justeringar på trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen ved nyttårsskiftet og difor må alle som ynskjer trenings- og/eller øvingstid passe på å melde inn ynskja sine.

Vi held fram med praksisen der fotballgruppa sjølv tek seg av fordelinga av treningstidene seg i mellom, når det gjeld idrettshallen. Utgangspunktet er framleis då at øvrige aktivitetar som t.d. leik for dei yngste, barneidrett, o.l. vert fordelt først - i og med at fotballen utgjer ein så stor andel av totalbruken. Barneidrettsgruppa har i ein periode no vore i bassenget, men rett etter nyttår, startar dei opp med aktivitet i idrettshallen, og då på onsdagane frå kl 17.15 til kl 18.45 (kan bli justert noko i høve tida)

Leik for dei yngste har tidlegare hatt 1/3 av idrettshallen på tysdagane frå kl 17.30 til kl 18.30 (sal 1) og denne hausten har det vore Taekwon do frå kl 15.30 til kl 17.00 på måndagane. Om desse ynskjer treningstid og det evt er fleire som ynskjer dette, veit vi først etter søndag den 16. desember. 

Søknadsskjema finn du her (PDF, 110 kB)

Søknadane som gjeld fotballtrening (altså frå kvart av fotballaga) vert å sende både til oss og til leiarane i fotballgruppa. Dette er viktig også med tanke på at vi skal ha den kontaktinformasjonen som trengs. Her er det også på sin plass å oppmode alle om å sjå etter muligheiter for å trene saman, på tverss av aldersgrupper. Kan fort bli betre treningar også dette, i tillegg til at det samla sett blir meir treningstid på den einskilde.

Treningstidene som har vore denne hausten, finn du i eiga fane (Trenings - og øvingstider) til venstre på nettsida vår og i den artikkelen ligg det også til ei kvar tid oppdatert info om treningar/øvingar som må gå ut pga anten arrangement, besøk av grupper utanfrå, eller anna.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Er dette den finaste i dalen? | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rhododendron på Vinje
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS