Ulsteinvik Skulekorps feb 2019
Hallgeir Hove
Ulsteinvik Skulekorps feb 2019 - Stig Falling på plass igjen for å instruere på skytebana
Ulsteinvik Skulekorps
Ulsteinvik Skulekorps feb 2019 - Luftige svev på teamtrack´n
Ulsteinvik Skulekorps
Ulsteinvik Skulekorps feb 2019 - Minikonsert
Hallgeir Hove
Når Ulsteinvik Skulekorps gjennomfører øvingshelg er det stas også å sjå også kor mange det er som stiller opp, i tillegg til dei mange i sjølve korpset og det er liten tvil om at dette er ein velorganisert gjeng. På førehand hadde dei avtala med Magne ved Joker Stordal, slik at varene var på plass i kjøleskapa når dei ankom Stordalshallen rundt kl 19.00 på fredagskvelden. Etter at dei mange musikantane hadde innkvartert seg og blitt ynskt velkomen av dagleg leiar, var det klart for første økta med øving. Så var Magne på plass att på ny, denne gongen med nysteikt pizza. Før "rosignalet" gjekk, vart det også tid til litt leik og moro i idrettshallen, der teamtrack´n var rigga opp og der m.a. minigolf, bordtennis og skuddlaseren også var sett fram. Bygging av slott, ved hjelp av dei mange "skumgummi-apparata" er også stor stas.
Mykje av laurdagen går med til gruppeøving, når Ulsteinvik Skulekorps har øvingshelg og då er det godt å få disponere klasserom ved Stordal skule, slik alle dei nærare 10 gruppene kunne øve utan at dei vart forstyrra. Etter 5-6 timar med god øving, var det sikkert kjekt med litt avveksling og etter ein matbit var det klart for meir leik og moro i idrettshallen. Ei om lag 2 timars økt, der dei også fekk forlyste seg i klatreveggen og på skytebana, var det neste på programmet. På skytebana var det Stig Falling og Johan Bernt Øvrebust som instruerte og i klatreveggen var Kjell Mulelid, nok ein gong på plass. Medhjelparar i klatreveggen var korpset sin eigen dyktige drillinstruktør og underteikna. Ein annan god medhjelpar var trommisen som tok mesteparten av bilda du kan sjå i galleriet vårt. I mellomtida hadde dyktige korpsforeldre gjort klar middagen og det er nok liten tvil om at taco´n smakte, etter ein lang og innhaldsrik dag.
Søndagen var det drilloppvisning og minikonsert som stod på programmet. Dette er det siste som skjer, før gjengen reiser heim rundt kl 15.00 og det er alltid like flott å få med seg. Men før det vart den siste finpussen teke hand om slik både lyd og drill skulle bli best mulig til oppvisninga. Medan ungdomane øvde, rydda og vaska dei vaksne og ein kan trygt hevde at dei innfridde "mottoet" som går på at Stordalshallen skal sjå betre ut når du reiser, enn når du kjem.
Ein - på alle måtar - suveren gjeng det er stor stas å få lov til å ha på besøk, år etter år.
På Stordalshallen si facebookside, som de gjerne må like, finn du nærare 200 bilder til frå øvingshelga til Ulsteinvik Skulekorps
Sjå gjerne reportasjane frå dei tre første åra, Ulsteinvik Skulekorps besøkte oss. Ja, det er også ganske så mange bilder i galleri dei gongane og.