Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ulsteinvik Skulekorps har funne sin favorittplass!

Ulsteinvik Skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 18 Hallgeir Hove

Denne helga var vår gode vener frå Ulsteinvik på ny, på plass i Stordalshallen. Dette er tredje gongen det supre korpset besøkjer oss. Dei var her for første gong i november 2015 og mykje tyder på at dei vil tilbake også neste år. Ein suveren gjeng, som verkeleg har lagt ei innhaldsrik og gjevande helg bak seg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.02.2018

Ulsteinvik Skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 18 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 18 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 18 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 18 Hallgeir Hove

Dei om lag 50 musikantane, saman med nærare 20 instruktørar og medhjelparar, ankom Stordalshallen rundt kl 18.30 på fredagskvelden. Etter litt fellesinfo og innkvartering, var det klart for første øving i grendasalen.

Magne på Joker, stilte så opp med 23 stk nysteikte pizza og etter at maten var inntatt kunne store og små boltre seg inne i idrettshallen, der m.a. teamtrack, skuddlaser, minigolf og anna kjekt stod klart.

Laurdagen var det gruppeøving som stod på programmet. Etter ein god frukost i grendasalen, tilberedd av dei dyktige medhjelparane, var det klart for øving fordelt på rundt 10 ulike grupper. Med unntak av nokre små pausar undervegs, vart det øva heilt frå kl 10.00 og fram til kl 16.00. Imponerande, enkelt og greitt!

Mange hadde nok sett fram til å prøve skytebana og klatreveggen og med fem dyktige instruktørar på plass, var det stor aktivitet begga stadane frå kl 16.00 og fram til kl 18.00. På skytebana var det Lars Johan Nygård og Johan Bernt Øvrebust som instruerte og i klatreveggen stilte Eli Søvik, Helga Øvrebust og Kjell Mulelid opp. Vi har sagt det før men gjentek gjerne kor fantastiske dei er desse som gong etter gong stiller på for at gjestane ved Stordalshallen skal få slike flotte opplevingar. Vi snakkar faktisk om ein dugnadsinnsats som har pågått i over 20 år her! I tillegg til klatring og skyting, var det full rulle også elles, med nemnte teamtrack, minigolf, laser, bordtennis, slakkline, boksing, fotball og anna kjekt.

Etter at aktivitetsopplegget var ferdig, noko etter kl 18.00, vart det rigga opp til volleyball og på kjøkkenet hadde dei steikt kjøttdeig på harde livet, slik taco´n var klar til å nytast.

Øving vart det også på søndagen og då fram til ca kl 13.00. Etter ein ny runde med taco og grillpølser, var det så klart for minikonsert i grendasalen og oppvisning i drill i idrettshallen. Då fekk verkeleg ungdomane vist oss at dei hadde lært mykje, også i løpet av helga. Liten tvil om at det var høgt nivå på det dei framførte.

Vi er storleg imponerte over denne gjengen og då tenkjer vi både på små og store. Eit veldig godt samhald og ei organisering og fordeling av arbeidsoppgåver av beste merke. Ikkje nok med at alt det som skulle gjerast i løpet av helga vart utført eksemplarisk, så var dei vaksne også i full gong med å førebu tombolaen dei skulle ha den 17. mai.

Så er det sjølvsagt stor stas for oss at dei alt no har signalisert at det mest truleg vert tur til Stordalshallen også neste år. Det blir då evt deira 4. besøk på fem år det.

Vi nyttar høve til å takke den suverene gjengen for eit nytt, triveleg besøk og gler oss alt til neste gong!

Om du vil, kan du sjå reportasjane frå dei to første besøka til Ulsteinvik Skulekorps og

Mange fleire bilder frå denne øvingshelga, finn du på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Geitabottstinden
Frå Geitabottstinden
Levert av ACOS AS