Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vakre adventskonsertar

Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps (foto: Eva Hove) - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps (foto: Eva Hove)

Torsdag 13. desember gjekk den tradisjonsrike adventskonserten i Stordal kyrkje av stabelen. Som så ofte tidlegare var det Stordal Hornmusikklag som stod som arrangør og med song- og musikkrefter frå Stordal kommune med. I tillegg har Big Valley Voices gjennomført to flotte konsertar og Maria Holand Tøsse har, tradisjonen tru, helde konsert for bebuarane ved Stordalstunet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.12.2018

Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - Big Valley Voices - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - Big Valley Voices Hallgeir Hove Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - prest Øystein Bråten - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - prest Øystein Bråten Hallgeir Hove Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - kulturskulen - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - kulturskulen Hallgeir Hove Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - fullsett kyrkje - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - fullsett kyrkje Hallgeir Hove

Det var Hilde Dyrkorn som var programleiar under adventskonserten og ho sydde som vanleg det heile fint saman. Ho kunne også - med rette - slå fast at dette verkeleg var ein flott konsert. Det høyrer også med å nemne at dette er ein konsert med gratis inngong.

Presten vår, Øystein Bråten, var ein av mange som imponerte. Han hadde teke med seg gitaren sin og at også han kunne sine saker var det liten tvil om. Flott gitarspeling og song.

Av mange som imponerte, er det ikkje minst verd å trekkje fram dei unge som var i aksjon. Då siktar vi til vakker song frå Stordal barnekor, der m.a. også Maciek Kanecki er med. Han som nyleg fekk Stordal kommune sitt kulturstipend for 2018, du veit. Vi siktar også til dei mange dyktige elevane ved Stordal kulturskule og dei mange flinke musikantane i Stordal skulekorps.

At vi har ein dugande organist, var vi også vel klar over. I tillegg til å traktere kyrkjeorgelet, akkompagnerte han også på pianoet. Og kanskje er det no også pengar på budsjettet til å renovere det staselege orgelet i kyrkja vår?

Det var arrangørane, Stordal Hornmusikklag, under leiing av Nick Ost, som som alltid avslutta konserten. Dette då i lag med Stordal Skulekorps og som vanleg til terningkast seks.

Innimellom benkane sat også Per Magne Øvrebust og tek vi ikkje feil var det han som hadde skulda for at alt fungerte som det skulle også med tanke på det som hadde med lyd å gjere.

Vi gløymer sjølvsagt ikkje at Big Valley Voices, under leiing av Solveig Maria Nedregård, også deltok. Dei hadde - som nemnt - vore på miniturné, med to flotte konsertar i hhv Liabygda og Stordal kyrkje, veka i førevegen. Der hadde dei m.a. hatt med seg Bjørn Busengdal på kornett til å akkompagnere seg og han var på plass også på adventskonserten. Ikkje vanskeleg å forstå at dei nødig vil gje slepp på han, og når kordamene er blitt så flinke som dei er blitt, ja då let det verkeleg vakkert.

Rett før adventskonserten, hadde Maria Holand Tøsse vitja Stordalstunet og helde konsert for bebuarane der. Dette er  også blitt ein fin tradisjon, som starta heilt tilbake til dei første åra far hennar (Charles) var ordførar. Der han hadde ei lita helsing til bebuarane rett før jul og der altså Maria song. Maria var også på plass i ei fullsett kyrkje og kunne gle seg stort over kor bra det let av koret (BVV) som ho var med og starte for berre få år sidan. Dei hadde si første øving i september 2014. Ta gjerne eit lite tilbakeblikk.

 

Det er liten tvil om at det er rett å hevde at song- og musikkreftene i kommunen vår framleis står sterkt. Stor takk til arrangørar og alle andre som har vore med å bidratt også denne adventstida!

 

Her er reportasje frå adventskonserten i 2017

Her er reportasjen frå 2016 og der finn du også lenker til tidlegare reportasjar (heilt tilbake til 2009)

Sjå nokre bilder til frå adventskonserten i eige galleri på Barnas kommune si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Bygdetun
Bygdetun
Levert av ACOS AS