Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Valldal Hytteservice også klar!

Valldal Hytteservice - logo/skilt - Klikk for stort bildeValldal Hytteservice - logo/skilt

Som det framgår av namnet, er det Valldal som er base for denne spennande verksemda. Det er Håvar og Ivar Normann Heggen som driv Valldal Hytteservice og i bunn og grunn kan dei stå til teneste med det aller meste når det gjeld bygging og vedlikehald av hus, hytter og andre byggverk og sjølvsagt då ikkje berre i Valldal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.06.2019

Valldal Hytteservice - mold kjem på plass - Klikk for stort bildeValldal Hytteservice - mold kjem på plass Valldal Hytteservice Valldal Hytteservice - kraning - Klikk for stort bildeValldal Hytteservice - kraning Valldal Hytteservice Valldal Hytteservice - torvtaket ferdig  - Klikk for stort bildeValldal Hytteservice - torvtaket ferdig Valldal Hytteservice Valldal Hytteservice - radonmembran - Klikk for stort bildeValldal Hytteservice - radonmembran Valldal Hytteservice

Noko av alt det dei har spesialisert seg på, er dette med legging av torvtak og når det første taket kom på plass så tidleg som i 2004, betyr det at dei alt har 15 års erfaring det.

Men legging og vedlikehald av torvtak er langt frå det einaste dei står til teneste med. Opplistinga nedanfor viser at dei i røynda kan tilby det meste til dei fleste og det er nettopp dette som har danna utgangspunkt for deira slogan, som er:

Valldal Hytteservice - "Utfører det meste for dei fleste!"

Her er ein del av alt det dei står til teneste med: 

  • Snikkararbeid
  • Restaureringsarbeid
  • Legging av torvtak
  • Vedlikehold av torvtak  
  • Legging av helsveist Miljømembran for torvtak
  • Legging av helsveist radonmembran i bruksgruppe A og B
  • Gapahuk
  • Grindbygg
  • Feiing av piper
  • Snømåking
  • Tilsyn og vedlikehold av fritidseiendommar 

 

Om du skulle vere usikker på om Valldal Hytteservice kan stå til teneste for deg, ringer du berre tlf.nr 970 34 183, så blir du overtydd.

Du kan evt også sende ein e-post til post@valldalhytterservice.no  

I tillegg til å bli med på Stordalshallen sitt profileringskonsept, er Valldal Hytterservice også på det næraste klar med eiga nettside utvikla av hjelmeweb.no. Nettadressa blir då denne: www.valldalhytteservice.no

Så satsar vi på å også ha det flotte skiltet til Valldal Hytteservice på plass i Stordalshallen, med det aller første.

Vi ynskjer Valldal Hytteservice velkomen med på vinnarlaget!                                    

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersselet på Kvitlane
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS