Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vekas tur på Linge

fruktblomstring-pa-linge.jpg - Klikk for stort bilde Torsdag 16. mai er det vekas tur att. denne gongen ein rundtur mellom frukttre på Linge. Bli med på tur og nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 24.05.2019

Torsdag 16. mai er det vekas tur att. Oppmøte og parkering ved fruktlageret ved hovudvegen ytst på Lingegardane kl 1800.

Turen denne veka går mellom frukttre, først oppover og så innover langs fjorden, ovanfor gardane på Linge. Fin utsikt til fjorden og kanskje er det att litt fruktblomstring. Vi går forbi det særmerkte atelieret på Hansplassen på Lingebakken og vidare på traktorveg og rås. Vegen attende går gjennom Lingegardane. Turleiar vil fortelje om stadane. Linge ligg sørvendt og lunt til, og er den nordlegaste staden i Europa der det blir frukt og bær for sal. Her er det også valnøtt- og aprikostre. Linge er også kjent som heimstaden til Kaptein Martin Linge, og støtta til minne om han ligg langs vegen.

Turen tek 1-2 timar. Turleiar er Valldal Bygdekvinnelag/Solveig Linge Stakkestad.

Vel møtt på tur! Nytt høvet til å bli betre kjent i bygdene i Fjord!

Det blir vekas tur til ulike turmål i Fjord kommune kvar torsdag og nokre måndagar i mai, juni og august.

 

Alle er velkomne til å delta!

 

Program framover:

Torsdag 23. mai går turen til Vardefjellet i Valldal.

Måndag 27. mai: Kjellsura i Norddal

Torsdag 30. mai: Ruggå frå Hauge, Fjørå

Måndag 3. juni: Bygdevandring på Dyrkorn

Torsdag 6. juni: Vikasætra i Fjørå

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Frå Løsetsætra
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS