Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vekas tur til Kjellsura

kjellsura.jpg - Klikk for stort bilde No er det vekas tur på måndag også. Måndag 27. mai kan du bli med på ei spennande kulturhistorisk vandring til ura som har vore boltreplassen for barn i Dale i generasjonar. Oppmøte ved prestegarden i Norddal kl 1800. Kjellsura er også StikkUT!- turmål.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 27.05.2019

Vi går traktorvegen «Øvre», i seg sjølv ein idyll gjennom slåttemark med steingard og frukttre langsetter. Ved Kjellsteinen tek vi av opp til ura som har vore boltreplassen for barn i Dale i generasjonar.

Vi går gjennom navemarka, og ser korleis trea har vore nytta til dyrefor tidlegare, og korleis det pregar landskapet her også i dag. Den gamle, imponerande elveforbygginga her oppe er bygt med handemakt etter at ei stor stein- og vass-svor (sørpeskred)  trua tunet nedanfor.
 
Dei som vil stoppar ved trim-/Stikkut-posten, andre vil nok fortsette til Dikksteinen. Herfrå har ein god utsikt.
 
Lett tur på først flat, så ulendt mark, 2-3 t. Ta på godt fotty, gjerne fjellsko.
 
Oppmøte ved parkeringsplassen på Prestegarden kl.1800, ferje går frå Linge kl. 17.30.
 
Arrangør er Norddal I.L., turleiar er Liv Marit Nystad
 
Torsdag 30. mai går vekas tur til Ruggå i Fjørå. Dette er hjartemarsjen (PDF, 473 kB) til Fjørå Helselag.
 
 
Program framover:
 
Måndag 3. juni: Bygdevandring på Dyrkorn
 
Torsdag 6. juni: Vikasætra i Fjørå
 
Torsdag 13. juni: Storsvingen i Tafjord
 
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skulen zooma frå Storheimshornet 02.10.2010 | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal skule
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS