Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vellukka brukarmøte med ekstra fokus på livreddande førstehjelp

Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - Klikk for stort bildeBrukarmøte m/kurs i livredning des 2018 Hallgeir Hove

Tysdag 4. desember vart det obligatoriske møtet for alle gruppene som nyttar Stordalshallen i det daglege, gjennomført. Hovudtema denne gongen var livreddande førstehjelp og bruken av hjertestartar. Heile 19 personar deltok og i løpet av dei 2 timane Ronald Båtnes frå Simcare hadde til disposisjon fekk han lært frå seg mykje. Første halvtimen av møtet vart nytta til å gjennomgå branninstruks og viktige presiseringar når det gjeld instruksane for bruken av Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.12.2018

Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - Ronald Båtnes (Simcare) - Klikk for stort bildeBrukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - Ronald Båtnes (Simcare) Hallgeir Hove Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - heldigvis berre øving!  - Klikk for stort bildeBrukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - heldigvis berre øving! Hallgeir Hove Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - heile 19 deltok!  - Klikk for stort bildeBrukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - heile 19 deltok! Hallgeir Hove Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018 - Klikk for stort bildeBrukarmøte m/kurs i livredning des 2018 Hallgeir Hove

Møtestad: Stordalshallen
M
øtedato: Tysdag 4. desember 2018
Tidspkt.: kl 18.30-21.00

Desse deltok:

Stordal skulekorps: Hilde Rødset

Fotballgruppa G9/G11: Morten Tvervåg

Fotballgruppa G 14: Anne-Marthe Stavseng

Fotballgruppa J 10: Bård Hove

Fotballgruppa J 13: Anita Hallan

Fotballgruppa J 16: Øyvind Tafjord

Fotballgruppa damelag: Hallgeir Hove

Stordal IL, barneidrett: Christine Lied Torvik

Stordal og Liabygda pensjonistlag: Ann Elise Dyrkorn

Stordal hornmusikklag: Arild Hove

Stordal Folkedanslag: Ragnhild Flåen og John Steinar Storheim

Stordal skyttarlag: Johan Bernt Øvrebust

Stordal skule: Robin Aasen

Andershaugen barnehage: Anna Stemland

Big Valley Voices: Vibeke Helland

I tillegg:

Vaktmeister Stordalshallen: Jøran Gudmestad

Dagleg leiar Stordalshallen: Hallgeir Hove

På kurset i liveddande førstehjelp deltok også Marie Hovde og Jonas Falch, frå Stordal Helselag.

 

GJENNOMGONG AV INSTRUKSAR (kl 18.30 – 19.00)

I forkant av kurset i livreddande førstehjelp gjekk ein gjennom branninstruksen for Stordalshallen (PDF, 27 kB)

Alle representantane frå dei ulike brukargruppene har no ein viktig jobb å gjere, i høve til å få formidla vidare det som kom fram i møtet. Sjølvsagt gjeld dette branninstruks og dei branntekniske teikningane, der rømingsvegar og sløkkjeutstyr er markert. I tillegg gjeld det no å få teke ei runde med alle, i høve til den generelle bruken.

På møtet i går gjekk ein særskilt inn på kor viktig det er at ein passar på å sjekke at handballmåla er festa. Det gjeld både om dei står framme på golvet, eller dei står inntil veggen. Står dei på golvet skal alle dei fire boltane vere på plass! Dei to bake SKAL vere skrudd heilt ned i golvet! Om målet står opp til veggen SKAL det vere festa med kjettingen der! Kjettingen skal då gå rundt tverrligger på målet!

Vidare vart det også presisert at ingen barn skal ferdast inne på utstyrsromma!

Nokre andre viktige presiseringar:

    • alle som brukar Stordalshallen skal skrive i loggboka i etterkant!
    • alle lys skal sløkkjast og alle dører låsast, så lenge det ikkje står nokon klar til å overta!
    • alt av rusk og rask skal fjernast»
    • alt utstyr som har vore i bruk skal på plass att, der det høyrer heime!
    • Stolar og bord skal ikkje settast inn på golvet i idrettshallen! (utan at golvet er dekka til)
    • vassflasker og plastkoppar med vatn/drikke skal ikkje inn i idrettshallen og plaskoppane skal i søpla etter bruk!
    • siste gruppe som nyttar idrettshallen/grendasalen kvar kveld, skal moppe golvet, og moppelista skal fyllast ut!
    • foajeen skal ikkje nyttast som garderobe. Heller ikkje i høve trening i idrettshallen!

"Stordalshallen – skapt av innbyggjarane sine eigne hender – vil også bli ivareteken av dei"

… Ideellt sett skal det vere betre i Stordalshallen når vi forlet denne, enn det var då vi kom!

HER FINN DU INSTRUKSEN FOR BRUKEN AV STORDALSHALLEN! (PDF, 56 kB)

 

INNSPEL FRÅ GRUPPENE
 

På brukarmøta kjem det også inn nyttige innspel frå dei ulike gruppene og her er dei:

    • Det er viktig at dagleg leiar/vaktmeister passar på å sjekke ofte det som vert notert i loggen, slik at det som er innmeldt kan rettast opp så snart som mulig.
    • Det er, tid om anna, eit problem at den som nyttar kjøkkenet ikkje får fjerna matrestar og dermed er det viktig å presisere at dette også må vere eit opplagt ansvar som ligg til dei som brukar kjøkkenet. I tillegg må sjølvsagt både vaktmeister og reinhaldar vere på vakt i høve slikt.

STATUS VEDR DRIFTA

Stadig like populært å vitje Stordalshallen og stadig like stor arrangementsfrekvens!

Stadig like populært å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar! ..og det i ei tid der dei fleste slit med å skaffe sponsorar..

Dette året kan vi, ikkje minst, også sjå tilbake på mykje godt arbeid utført på vedlikehaldsdugnadar og vi gler oss også over at det er kome nytt dekke på store delar av taket.

 

REPITISJONSKURS I LIVREDDANDE FØRSTEHJELP OG BRUK AV HJERTESTARTAR

Det var Ronald Båtnes, frå Simcare i Ålesund, som var på plass for å gje oss ein repitisjon i høve til livreddande førstehjelp og bruken av hjertestartaren. At han har både kvalifikasjonane og erfaring meir enn dei aller fleste, er det liten tvil om. I tillegg er han også dyktig til å formidle og det er liten tvil om at dei 19 som var med på denne to timar lange økta, lærte mykje. Først ei lita innleiing med teori og etter det fekk deltakarane prøve ut og øve på dette så livsviktige temaet.

 

Stor takk til Ronald Båtnes for vel gjennomført repitisjonskurs i livreddande førstehjelp, samt bruk av hjertestartar. Stor takk også til Stordal Helselag som dekkjer kostnadane og sjølvsagt stor takk til samtlege deltakarar!

Sjå gjerne fleire bilder frå det nyttig og livsviktige kurset i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne vår førehandsreportasje for meir om tidlegare brukarmøter og kurs

Sjå gjerne også vår reportasje om hjertestartaren vår og støtta frå Stordal Helselag og Indre Sunnmøre Gjensidige

Meir om førstehjelp, også i eige menyval til venstre på heimesida vår

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS