Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vellukka "Fjordafest"

Kick-off for Fjord kommune - 150 på plass i Stordalshallen - Klikk for stort bildeKick-off for Fjord kommune - 150 på plass i Stordalshallen Hallgeir Hove

Fjord kommune nærmar seg og dei tilsette i Stordal og Norddal kommune er involvert i «byggeprosessen». Som ein del av dette, vart det på fredag 11. januar også arrangert ein fest for tilsette i begge dei to kommunane, rett og slett for å verte betre kjende med kvarandre.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.01.2019

Kick-off for Fjord kommune - Klikk for stort bildeKick-off for Fjord kommune Hallgeir Hove Kick-off for Fjord kommune - selskapsleikar høyrer med - Klikk for stort bildeKick-off for Fjord kommune - selskapsleikar høyrer med Hallgeir Hove Kick-off for Fjord kommune - Lise Merte Bull og Kathrine Hjelle Busengdal i aksjon - Klikk for stort bildeKick-off for Fjord kommune - Lise Merte Bull og Kathrine Hjelle Busengdal i aksjon Hallgeir Hove Kick-off for Fjord kommune - Bjørg Moltu fekk verkeleg fram latteren blant publikum, med sitt kåseri - Klikk for stort bildeKick-off for Fjord kommune - Bjørg Moltu fekk verkeleg fram latteren blant publikum, med sitt kåseri Hallgeir Hove

For å styrke arbeidet med å byggje saman dei to kommunane tok dei hovudtillitsvalde og verneomboda på alle avdelingane i dei to kommunane initiativet til ein sosial kveld for alle kommunalt tilsette på tvers av kommunegrensa. Dette for å styrke samhaldet, verte betre kjend med kvarandre på tvers av kommunegrensa og starte bygginga av ein felles kultur og nye tradisjonar for kvarandre.

På festen i Stordalshallen, sist fredag, deltok 150 tilsette og dermed kan ein også konkludere med at oppslutninga var veldig god. God mat frå Nilsgardstunet, nydelege kaker som dei barnehagetilsette (m.fl.) hadde baka, artig lokal underhaldning frå fleire avdelingar, samt flott dansemusikk av «Voldingane», resulterte i at den aller første «Fjordafesten» vart rett så vellukka.

Det gode samarbeidet på tvers av kommunegrensa, der ansvar og oppgåver i høve festen var fordelt mellom dei ulike avdelingane, lovar godt for det som skal skje vidare framover.

Sjå eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside, for meir frå den fine kvelden

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalselva
Stordalselva
Levert av ACOS AS